Entries by mediebruketbot

Ny publikasjon: IPSS “bother question” score predicts health‑related quality of life better than total IPSS score

Overlege i Helse Førde, Florin V. Hopland‑Nechita, har publisert ein artikkel i World Journal of Urology saman med John R. Andersen (Helse Førde og HVL) og Christian Beisland (Universitetet i Bergen og Helse Bergen). Dette er den første artikkelen i Hopland‑Nechita sitt doktorgradsprosjekt. Klikk her for å lese artikkelen.

Korleis arbeide konstruktivt med emosjonar i psykoterapi

Gøril Solberg Kleiven har fått forskingsmidlar frå Helse Vest. Doktorgradsprosjektet hennar gjev kunnskap som kan hjelpe pasientar med å bli meir trygge i terapi. – Det er stas å få midlar. Størsteparten av prosjekta som fekk tildeling er innanfor kategorien medisin, og det er då spesielt kjekt at eit prosjekt som forskar på psykologiske prosessar […]

Campus Vie-forprosjektet er no klart med tilrådingar

Forprosjektet for Helse Førde og HVL sin felles utvikling av campusområdet på Vie er no ferdig, og tilrår løysingar på arealutfordringar i dag og i framtida. I vår starta Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet eit forprosjekt for å vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar på både kort og lang sikt. Det […]

Helse Førde og HVL vil gå saman om Campus Vie

Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet er i gang med eit forprosjekt som skal vurdere behov for, og tilrå løysingar for felles arealutfordringar i dag og i framtida. ​Forprosjektet ser på moglege løysingar for å samle aktivitet knytt til forsking, innovasjon, utdanning og opplæring, kurs, konferanse og simulering i eit felles miljø på campusområdet på […]

Tek doktorgrad om stress blant pårørande til demente

Toril Marie Terum sitt doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim. Disputasen er 5. november ved Universitetet i Bergen. Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative […]

Brukar VR til opptrening av hjerneslagspasientar

Jeanette Svarstad og Stine Solvik såg at hjerneslagspasientar lett kan bli demotiverte ved lengre rehabiliteringsopphald. No brukar dei VR-teknologi for å auke motivasjonen og mestringsfølelsen. – Bruk av Virtuell verkelegheit gjer at pasientane kan føle seg litt friskare i sjukehusverda, og dei ser ikkje på dette som trening, seier Svarstad. Svarstad og Solvik er spesialfysioterapeutar […]

Set opp danseframsyning basert på forsking på psykisk helsevern

Danseframsyninga So, I’m here har premiere på Førdehuset 4. september kl 17.00. So, I’m here er eit danseprosjekt av Ingvild Maria Thingnes. Prosjektet vart først initiert av forskar Kari Eldal, som forska på pasientopplevinga i psykisk helsevern saman med med-forskarar med eigenerfaring. Kan dansekunsten også sei noko om dei (mellom-) menneskelege erfaringane doktorgradsavhandlinga er avgrensa […]

Verdas første tilbakemeldings-system for stomiopererte

Prosjektet har fått 860.000 kroner i innovasjonsmidlar frå Helse Vest for å spreie systemet til alle stomipoliklinikkane i heile regionen.  – Det er fantastisk å få moglegheita til å utvikle dette prosjektet vidare for å gjere tilbodet til personar som er stomiopererte endå betre. Det seier John Roger Andersen, prosjektleiar, forskingskoordinator i Helse Førde og […]

Korleis førebygge fleire beinbrot?

Anja Myhre Hjelle disputerer torsdag 17.06.21 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Risk factors for fracture and fracture severity of the distal radius and ankle. – What about osteoporosis, celiac disease, and obesity?» Bakgrunn Beinbrot utgjer ei stor belastning både for individ og samfunn. For den det rammar, fører brot til smerte, redusert […]