Entries by mediebruketbot

No opnar Innovasjonsboksen på sjukehuset

Du har kanskje lurt på kva som skjer i den gamle blomsterbutikken i foajeen på sjukehuset. Her opnar Innovasjonsboksen, for no er det dei gode ideane som skal blomstre! Her kan tilsette i Helse Førde og andre med gode idear lett slå av ein prat med innovasjonsstaben vår – over ein kopp kaffi. Både små […]

Helse Førde-forskar medforfattar i studie i prestisjetungt tidsskrift

Pawel Franciszek Mielnik i Helse Førde er medforfattar av ein studie publisert i JAMA, eit av verdas mest anerkjende medisinske tidsskrift. Studien undersøkte effekten av skreddarsydd behandling med legemiddelet infliximab mot betennelsessjukdommar i ledd, tarm og hud. Revmatologisk seksjon ved Førde sentralsjukehus har vore deltakar i den kliniske studien NOR-DRUM (The Norwegian Drug Monitoring Study) som blei […]

I starten var ho den einaste stomisjukepleiaren i regionen. No utviklar ho verdas første tilbakemeldingssystem for stomiopererte

Kirsten Lerum Indrebø utviklar ein ny metode for måling av meistring, helse og livskvalitet for stomiopererte. Dette skal gjere konsultasjonar betre for pasientar og sjukepleiarar. – Pasientane er veldig nøgde og seier at systemet gjer at dei kan ta opp ting dei ikkje visste dei kunne snakke om eller som er vanskeleg å få fram. […]

Ny forsking: Kognitiv åtferdsterapi for barn og ungdom med åtferdsforstyrring og ADHD effektiv i vanleg behandling

Ein ny meta-analyse viser at terapiforma har stor effekt i vanleg behandling, at dei aller fleste fullførte behandlinga, og at terapiforma var like effektiv i vanleg behandling som under behandling i forskingsprosjekt. –  Resultata er oppløftande og viser også at behandlinga er effektiv uavhengig av om den skjer individuelt eller i gruppe. I tillegg fann […]

Helse Førde får støtte frå InnoMed til tenesteinnovasjon

Pust Deg Bedre er det første innovasjonsprosjektet i Helse Førde som får prosessrettleiing frå InnoMed. Målet er å bredde appen til kommunehelsetenesta, slik at pasientane får tilbodet tidleg. – Rettleiinga vil bety mykje for oss. Denne prosessen er ukjend og marka er i stor grad upløgd. Vi har ein stor og spennande jobb framfor oss. […]

Utarbeider handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde

Arbeidet med utarbeiding av handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde er no i gang.​ Styret i Helse Førde har vedteke ein forskings- og innovasjonsstrategi for perioden 2020-2025. Strategien har som overordna mål at Helse Førde skal bli ein varig forsking- og innovasjonsorganisasjon. Det er utarbeidd åtte mål– og tiltakspakkar i strategien. For å kunne […]

Vellukka første testflyging for drone som skal frakte blodprøvar

Dronar som fraktar blodprøvar og medisinsk utstyr er stadig nærare å bli ein realitet i Noreg. Airlift Solutions sin nye drone, utvikla under innovasjonskontrakt med Helse Vest, gjekk gjennom ei første vellukka testflyging fredag 19. mars. Dette skriv Dronemagasinet. Les heile artikkelen her. Løysinga er designa for helsevesenet sine behov. Berre på Vestlandet blir det […]

Helse Førde-forskarar redaktørar for spesialnummer av anerkjent tidsskrift

Christian Moltu og Andrew McAleavey er redaktørar for eit nummer av Psychotherapy Research. –  Dette er kjekt fordi det gir synlegheit og anerkjenning til helseforskingsmiljøet her i Sogn og Fjordane. Det seier Christian Moltu, professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet og fagsjef på Psykiatrisk klinikk i Helse Førde. Saman med McAleavey, psykolog og […]