No kan du søke på interne forskingsmidlar !

Helse Førde lyser ut to typar intern (berre for tilsette i Helse Førde) forskingsstipend for 2018.

Interne opne forskingsmidlar

  • Søknadsfrist er 20. september 2017
  • Maksimal tildeling pr.prosjekt er kr. 150 000.

Strategiske forskingsmidlar innan dei tematiske satsingane Folkehelse, livsstil og overvekt, og Psykisk helse og rus.

  • Søknadsfrist er 20. september 2017
  • Ein kan få inntil 3 mnd korttidsstipend.

For begge typar stipend finn du meir informasjon i vedlegga (må væra innlogga på HF).

NB! Du må laste ned skjema på eigen pc, og ikkje lagre det på denne sida.

Utlysing av opne forskingsmidlar i Helse Førde 2017.docx

Søknad om opne forskingsmidlar i Helse Førde.docx

Utlysing av strategiske forskingsmidlar i Helse Førde 2017.docx

Søknad om strategiske forskingsmidlar i Helse Førde.docx

Ny vitskapleg publikasjon!

Pasientars erfaringar med kliniske tilbakemeldingssystem i psykiske helsetjenester.

Kliniske tilbakemeldingssystem i psykisk helsevern vil verte sentrale i framtids helsetjenester, t.d i form av Helse Førde sitt sjølvutvikla NORSE-system. Denne artikkelen er ein systematisk litteraturgjennomgang og metasyntese av kvalitativ forsking på dette området. Funna er oppsumerte i fire overordna tema: 1)  Mistenksomheit overfor leverandørar av helsetjenester, 2)  Kliniske tilbakemeldingssystem må fange opp kompleksitet og nyansar i pasientars liv, 3) Kliniske tilbakemeldingssystem kan styrke pasientars råderett, og 4) Kliniske tilbakemeldingssystem kan fremje samarbeid mellom behandlarar og pasientar

Denne studia er utgangspunktet for den empiriske delen av Ph.D-graden til Stig Magne Solstad: ei intervjustudie av pasientar som har nytta NORSE som del av si behandling.

Stig Magne Solstad, psykolog i dobbeltkompetanseløp. Opprinneleg frå Lærdal, busett i Førde. Tilsett i Helse Førde, jobbar 50% klinisk og 50% med forsking. Tilknytta forskingsgruppa for Psykisk Helse og Rus, med Christian Moltu som hovudveiledar. Stipendiat ved Universitetet i Bergen, forskarskulen CDP (Clinical and Developmental Psychology).

Link til artikkel

Tester teknologi for å betre helsa til fedmeopererte

– Me veit ikkje godt nok korleis me kan bidra til at den einskilde pasienten får best mogleg livskvalitet etter fedmeoperasjon, seier stipendiat Pål Andre Hegland ved Campus Førde.

Det er dette Hegland skal bruka stipendiattida si på å finne ut. Han skal ta i bruk noko han kallar klinisk tilbakemeldingssystem, eit digitalt spørjeskjema der resultata skal nyttast aktivt i møtet med pasientane.

Digitalt spørjeskjema gir betre helse

Så, kva er eit klinisk tilbakemeldingssystem og kva er helserelatert livskvalitet?

– Helserelatert livstil er korleis helsa di påverkar korleis du har det i livet ditt. Helsa påverkar livet ditt på alle måtar. Er det tungt å gå ut, unngår du gjerne det. Sjølv om du skulle møtt vennene dine, noko som igjen gjer at du kan kjenne deg einsam, seier stipendiat Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er eit digitalt spørjeskjema. Før pasientane kjem til fedmepoliklinikken ved Førde sentralsjukehus, skal dei ha fylt ut det digitale spørjeskjemaet. Rapporten sjukpleiaren mottar før konsultasjon, vil innhalda grøne, gule og raude felt. Dei gule felta markerar at pasienten har nokre utfordringar, medan dei raude markerar at pasienten har alvorlege utfordringar knytt til eit område. Det er dette som skal legga grunnlaget for behandlinga sjukelpleiaren skal tilby pasienten.

– Målet er at det kliniske tilbakemeldingssystemet skal fanga opp kva pasienten synest er utfordrande og problematisk etter operasjon. Så skal helsepersonell ta tak i dette og raskare gi ei spissa behandling for den enkelte pasienten. Spørsmåla i skjemaet dekker ulike kategoriar som psykisk helse, oppleving av helserelatert livskvalitet og fysiske plagar, fortell Hegland.

Klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i dag i bruk i Helse Førde i psykiatrisk klinikk, der dei har utvikla NORSE (The Norwegian Response System for Evaluation), og nyttar det i behandlinga av pasientane. Hegland samarbeider tett med denne forskingsgruppa.

Ta tak i problema tidleg

Pasienten kan svare på spørsmåla heime eller mens dei sit på venterommet før behandling. Målet er at ein skal byrja timen med dei områda som pasienten opplever som utfordrande i sin nye livssituasjon.

Det at pasienten har svart på spørsmål i forkant gjer at ein kan bruka tida hjå sjukepleiar på dei temaa som er viktige for pasienten. Med dette systemet håper Hegland at ein tidlegare skal oppdaga utfordringar og problem som pasienten har, og dermed tidlegare kunna setta i gang tiltak for å betre situasjonen.

Fedmeoperasjon er ingen «quick fix»

Helse Førde opererer om lag 50 personar kvart år for fedme. Alvorlig fedme fører ofte til redusert livskvalitet i tillegg til auka risiko for tilleggssjukdommar og tidleg død. Hegland fortel at fedmekirurgi er den behandlinga som er dokumentert å oftast gi varig vekttap hos pasientar med alvorlig fedme.

Vidare seier Hegland at fedmeoperasjon ikkje er nokon «quick fix» som ein del trur.

– Noko av det som overraskar og fascinerer meg med desse pasientane er korleis dei handterer denne tøffe behandlinga dei går igjennom. Alt to timar etter operasjon skal dei ut av senga og stå. Dei må også leggje om livsstil ganske radikalt både med tanke på kosthald og aktivitet, seie Hegland.

Det er lite langtidsdata om livskvalitet etter fedmekirurgi. Forsking, blant anna frå forskingsmiljøet i Førde, viser at dei fleste som gjennomgår fedmeoperasjon får det betre etter operasjon, men ikkje alle.

Statistikk gir livskvalitet

Klinisk tilbakemeldingssystem er nytta tidlegare i forhold til pasientar med psykiske problem og kreft. Det har ikkje tidelegare vore nytta på pasientar med fedme. Hegland skal nytta kvantitative data som han samlar inn frå målingane gjennom det kliniske tilbakemeldingssystemet. Her skal han kartlegga den psykiske helsa til pasientane og korleis dei opplever helserelatert livskvalitet.

Fase ein av doktorgradsprosjektet til Hegland er å innføre og teste ut det kliniske tilbakemeldingssystemet, og kartlegge korleis fedmeopererte opplever helserelatert livskvalitet og mental helse etter operasjon. I fase to av prosjektet skal han samanlikna svar i det kliniske tilbakemeldingssystemet før operasjon og eit år etter operasjon. Desse resultata skal han samanlikna med data som tidlegare er samla inn i Helse Førde, der det er målt helserelatert livskvalitet hjå fedmeopererte.

– Eg håpar då å finne ut at det kliniske tilbakemeldingssystemet gjer at pasientane raskare får hjelp til dei utfordringane og problema dei eventuelt har etter operasjon, seier Hegland.

Personalia

Pål Andre Hegland starta som stipendiat ved HVL mars 2016, han er medlem av forskargruppa Folkehelse, livsstil og overvekt som er eit samarbeid mellom Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet. Leiar av gruppa er professor John Roger Andersen. Rettleiaren til Hegland er professor John Roger Andersen ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde og professor Grethe Seppola Tell ved Universitetet i Bergen.

Link til personprofilen

NORSE har fått eiga nettside!

Senter for helseforsking gratulerar NORSE me eiga heimeside!

NORSE er persontilpassa psykisk helsevern. NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei har det over ei rekke dimensjonar av psykisk helse. Behandlar og pasient får tilgang på avansert informasjon om mønster i pasienten sin tilstand. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Link til nettsida!

Høgt arbeidspress gjer omsorg til rutinearbeid

Leiarar har eit stort ansvar for å dyrke fram det beste i dei tilsette, til beste for dei som treng hjelp, meiner Olina Kolbotn

Rom for utanomsnakket
Det er over ein kaffikopp noko av det viktigaste skjer. På personalmøtet får travle pleiarar og sakshandsamarar høve til å snakke om jobben dei gjer.

Ein god leiar let vere å stille med ein stram og ferdigsnikra dagsorden, for det er i utanomsnakket dei små observasjonane kan spire. Det er der finurlege, små forslag kan springe ut.

Effektivitet og ordstyring kan på si side verke kvelande. Skal ein halde seg til saka, går ein kanskje glipp av eit glitrande forslag frå den mest lågmælte i staben.

– Viss det ikkje er rom for refleksjonar, eller for at folk kan ta ordet spontant, gir det òg svært stor makt til ho som har kalla inn og leier møtet, seier Kollbotn.

Les heile saken her

 

Vellykka Forskingskompetansedagar!

– Det er konklusjonen etter at Forskingskompetansedagane vart gjennomført torsdag og fredag.

11.-12. mai var Forskingskompetansedagane arrangert av Senter for Helseforsking. Tilsette som driv med forsking eller er interessert i forsking frå begge miljø var invitert til både å bidra og høyra på. Målet med forskingskompetansedagane i år var å fremma god forvaltning av forskingsdata og data som me kan nytta til forsking. Per i dag har me ikkje ein samla oversikt over data me har tilgang til og har samla inn i HVL og HF. På årets forskingskompetansedagar var målet at me skulle få meir oversikt over dette.

Konklusjonen etter Forskingskompetansedagane er at Senter for helseforsking i år skal ha eit spesielt fokus på å bidra til at forskingsprosjekt i både HVL og HF vert registrert i Cristin sin prosjektmodul. Dette vil bidra til at ein få betre oversikt over forskingsprosjekt i dei to institusjonane. Senteret skal også sjå på moglegheiten for å bidra i prosessar for trygg deling av data.

Tema til neste år kjem til truleg til å vera internasjonalisering av helseforskingsmiljøet i Førde og Sogn og Fjordane.

Programmet:
Program forskingskompetansedagane

Her finn du presentasjonane:

Frå torsdag

Velkommen til Forskingskompetansedagane 2017 – Marianne Nilsen og Marit Solheim
Helsedata som lokalt fortrinn – gullet skal heim – John Roger Andersen
Status for oganisatorisk handsaming av forskingsprosjekt – Taryn Malkhassian
Status for organisatorisk handsaming av forskingsprosjekt i HVL – Marianne Nilsen
Forskingsmaraton fyrste omgang
Forskingsmaraton andre omgang

Frå fredag:

Kvalitetsregister – Kari Holvik Furevik
Korleis hente data i nasjonale register – Villy Våge
Erfaringar frå kopling mellom fleire nasjonale datakjelderregister – Tina Løkke Vie og Hans Johan Breidablik
Personvernombod – Frode Hatten
Biobanker og FJORDOMICS – Tarja Kvalheim

 

Randi Skår er ny dekan på fakultetet for helse- og sosiale ved HVL

I går var dei fire dekanane på dei nye fakulteta i HVL tilsett i styremøte. Randi Skår som er dekan på Avdeling på helsefag ved tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane er no tilsett som dekan for det nye fakultetet for helse- og sosialfag ved Høgskulen på Vestlandet. Senter for helseforsking gratulerer med tilsettinga!

Link til sak på HVL

Endeleg namn på dei fire fakuleta vert vedtatt i styremøte 15.juni

Mål- og resultatstyring i sjukepleia går på omsorga laus

Ole T. Kleiven og Lars Kyte frå Høgskulen på Vestlandet og Kari Kvigne frå Høgskolen i Innlandet, har saman skreve artikkelen «Sjukepleieverdiar under press?» Artikkelen er publisert i Nordisk Sygeplejeforskning.

Hovudfunnet deira er at dei tradisjonelle verdiane i yrket framleis er intakte, men at nye måtar å organisere arbeidet på gjer at desse verdiane har kome under sterkt press. Dei har gjennomført djupneintervju med 12 erfarne sjukepleiarar.

Heile saka les du her.

Artikkelen kan du lese her.

Helse Førde, Førde kommune og HVL fekk stor innovasjonstildeling frå forskingsrådet

No skal det verte lettare for deg som pasient å påverke ditt eige behandlingsopplegg. Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet (HVL) ved Campus Førde og Førde kommune forskar i fellesskap på korleis digital kommunikasjon hjelper til med dette. Dei tek pasienten sine tilbakemeldingar på større alvor, og Norges forskingsråd løyver dei 10 millionar kroner raust på kjøpet.

Skreve av: Hans Jakob Reite, HVL 

Professor Christian Moltu

Forskingsgruppeleiar professor Christan Moltu ved Helse Førde og HVL framhevar at samarbeidet mellom dei tre institusjonane er avgjerande for å utløyse den gledelege løyvinga. For første gong når eit prosjekt utvikla i helseforskingsmiljøet i Førde opp i kampen om tildelingar frå Norges forskingsråd.

Psykisk helse, fedme og fastlege

Mange sterke fagmiljø har funne kvarande gjennom utarbeiding av prosjektet. NORSE er eit aktivt lærande elektronisk sjølvrapporteringssystem der pasientar melder frå om korleis dei opplever behandlinga innan psykisk helsevern. Ved hjelp av NORSE-systemet samarbeider no fagmiljøa innan psykisk helse, fedme og livsstil med fastlegane. Dei utviklar eit felles språk for korleis  tilbakemeldingar frå pasient skal få innverknad på behandlingsgrunnlaget.

Slik kan ein NORSE-rapport sjå ut

 Forenkla pasientspråk framfor diagnosespråk

Det vert lagt vekt på at pasienten sine tankar og kjensler omkring heile situasjonen skal kome tydelegare fram. Systema skal tilpassast personen slik at det vert lettare å hjelpe dei som treng det. Her vert opplysningar om sinn og kropp kopla saman med korleis pasienten oppfattar seg sjølv i samspel med pårørande og andre viktige tilhøve.

Samarbeid og eigeninnsats

Dei tre lokale institusjonane samarbeider godt seg imellom. I tillegg står St. Olavs Hospital i Trondheim og Universitetet i Bergen på prosjektlista saman med internasjonale forskingspartnarar. For å få tilslag på ein så stor søknad er det avgjerande å stille med stor eigeninnsats i form av kompetent arbeidskraft. Mykje godt arbeid er nedfelt i søknaden. No startar vidareutviklinga av sjølvrapporteringssystemet for alvor.

Fakta om prosjektet

Prosjektet har fått tittelen: NORSE: Building bridges between psyche and soma through personalized and dynamic mental health systems. Midlane kjem frå det nye programma hjå Noregs forskningsråd: Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester – HELSEVEL. Det var 58 søknadar, og NORSE er ein av seks som vart innvilga. I midlane ligg det ei koordinatorstilling, ei postdoktor-stilling og forsker resurssar.

Professor Christian Moltu fekk Kvalitetsprisen 2017

Christian Moltu, fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, er tildelt Helse Vest sin Kvalitetspris 2017. Han får prisen for arbeidet med å utvikle og innføre The Norwegian Response System for Evaluation (NORSE) i Psykisk helsevern i Helse Førde.

Les heile artikkelen her!