Statsminister Erna Solberg på NORSE-føredrag i Helse Førde

Statsministeren besøkte Helse Førde i dag for å få meir kunnskap om innovasjonen NORSE i psykisk helse. Christian Moltu  heldt eit føredrag for ein  interessert minister.

Sjå kva NRK og Firda skreiv om vitjinga.

Nyhendeside om Samhandlingsbarometeret

Samhandlingsbarometeret har fått ei ny nettside der nyhende og aktuelle tema blir lagt ut.

På nettsida vil vi informere om oppdateringar og endringar i barometeret. Sida vil også fortløpande informere om relevante samhandlingstema. Vi håpar at den nye sida vil stimulere til fagutvikling og utforming av tenestene ute i kommunane, og at den vil vere ei hjelp til å få oversikt over utfordringar din kommune har. Vi håper også at studentar, forskarar og andre vil ha utbytte av sida. Sida vil bli oppdatert og utvikla undervegs etter tilbakemeldingar frå brukarane.

Ta ein kikk her: http://samhandling-sfj.no/

Abonner gjerna på nyhende. Du finn påmelding nedst på samhandlingssida.

Høgskulen på Vestlandet

1.januar vart Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til Høgskulen på Vestlandet. HiSF fusjonere med Høgskulen i Bergen (HiB) og Høgskulen Stord/Haugesund. Høgskulen på Vestlandet skal prega utviklinga av Vestlandsregionen – og lærar-, helse- og ingeniørutdanning er ryggraden vår. Me blir 16.000 studentar og får fem studiestader: Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund.

Professor Berit Rokne tiltrer som rektor for HVL i januar, ho skal stake ut vegen for ein heilt ny institusjon. Ho trur det er ein fordel å vere stor i dagens utdanningslandskap. Ho håpar på ein fagleg gevinst, under føresetnad av at ein aktivt må ynskje å utvide fagfellesskapet sitt. Dette vil komme studentane til gode, og vil føre til at dei møter høgt kompetente fagleg tilsette i ei større fagleg breidd – om vi klarar å bruke den breidda. Ho ser òg ein gevinst i moglegheita for å få sterkare administrative funksjoner ved at ein også her får eit større fagleg fellesskap.

Link til Høgskulen på Vestlandet

– Vi stiller spørsmål som treffer folk som er innlagt

– Et spørsmål som gir mange fine svar er hvordan ville din drømmedag på psykiatrisk døgnpost se ut, sier medforskerne Camilla Torp og Åse Skjølberg.

Med sin egenerfaring fra psykiske helseproblemer og innleggelse er de og fem andre rekruttert inn som medforskere i et samarbeidsprosjekt mellom Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane. I en doktorgradsstudie ser de på hva som skaper bedring for folk som er innlagt på psykiatrisk døgnpost.

– Folk åpner seg

– Hvis datteren din eller mannen din var innlagt her, hvordan ville du at han eller hun skulle bli møtt? Når vi stiller sånne spørsmål får vi god respons og gode svar. Ofte åpner folk seg mer når de spørres om andre personer som er viktige for dem, mener de to. Les hele saken på Napha.no

Fedmeopererte har eit betre liv ti år etter

Menneske med alvorleg fedme får eit mykje betre liv etter fedmeoperasjon, også etter ti år. Det viser den første norske langtidsstudien av livskvalitet etter slike operasjonar.

Viss han ein sjeldan gong måtte ned på golvet etter noko han hadde mista, måtte han tenke seg nøye om: Hadde han fleire ærend der nede? Og fanst det noko å støtte seg i når han skulle reise seg att? Så strevsamt var det å bøye ryggen, det verkande kneet, kjenne blodet pumpe i tinningen og sveitten piple fram i panna – for ikkje å snakke om den lange vegen opp att.

Kvardagen til mange menneske med alvorleg fedme er tøff – innestengde i ein stor kropp, utestengde frå fellesskapet. Før 2001 fanst det ikkje noko anna behandlingstilbod i Noreg enn kurs i omlegging av livsstil.

Men for dei aller tyngste var ikkje gulrøter og joggesko ein realistisk utveg.

Forskar i Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane Anny Aasprang har sett på livskvalitet etter fedmeoperasjon, der ho har følgt opp pasientar over ein 10-års periode. Les heile saka på forsking.no.

Første UiB-stipend nokonsinne til forskar frå Helse Førde

Som den første nokonsinne i Helse Førde er revmatolog og overlege Anja Myhre Hjelle ved Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR) tildelt 50 prosent doktorgradstipend ved Universitetet i Bergen, Institutt for Global Helse og samfunnsmedisin. 

Brot hjå beinskjøre
Forskinga omhandlar osteoporose og mellom anna risiko for brot hjå pasientar med cøliaki. Ein stor case controll studie drive av Helse Førde er no i sluttfasen, der til saman 400 pasientar med brot i handledd eller ankel vert samanlikna med 200 friske personar, alle rekruttert frå Sogn og Fjordane. Resultat frå denne studien (FABB) er del av doktorgradsarbeidet til Anja Myhre Hjelle, men også ei etterundersøking av personar med osteoporose ifrå Helseundersøkelsen i Hordaland (HUSK) skal publiserast.

Hovudrettleiar er professor Grethe S. Tell ved UiB. Medrettleiarar er mellom anna seksjonsoverlege og PhD Pawel Mienik ved revmatologisk avdeling Førde og PhD Ellen Apalset, overlege ved revmatologisk avdeling Haukeland Universitetssjukehus. Der er og samarbeid med professor og gastroenterolog Knut E. Lundin ved Rikshospitalet.
Målretta og langsiktig arbeid
– Dette er resultat av eit målretta og langsiktig arbeid, både frå mi side, men ikkje minst frå ANRR, revmatologisk avdeling og Senter for Helseforsking si side. Dei har heile vegen lagt forholda til rette og vist stor vilje til å få gjennomført eit slik prosjekt. For føretaket og Senter for helseforsking er dette difor ein milepæl, seier Myhre Hjelle. – Det viser at det er mogeleg å drive god pasientnær forsking også i mindre føretak som vårt, berre ein i organisasjonen er villig til å satse.
To med doktorgrad
Marit Solheim ved Senter for helseforsking har følgt prosjektet sidan starten.
– Suksessformelen er ein prosjektleiar med idear, nysgjerrighet, tålmodighet og guts, og felles langvarig innsats i fagmiljøet, seier ho.
Avdelingssjef Signe Nordvik understrekar på si side at forsking er ei av dei fire hovudoppgåvene i helseføretaka, og at også dei små har ansvar for å bidra.
Etter dette prosjektet  vil vi ha to med doktorgrad på revmatologisk avdeling, og vi har lagt grunnen for nye oppfølgande prosjekt, gjerne i samarbeid med andre fagmiljø, seier Nordvik.
Tekst og bilete: Per Marifjæren.

Studentane tok tak i tolketenesta

Andel framandspråklege pasientar er allereie no så stor at god tolketeneste er blitt ein kritisk, livsviktig funksjon i spesialisthelsetenesta. Dette såg sjukepleiarstudentane Ingrid Lund og Signe Salbu då dei hadde praksis ved kreftpoliklinikken i Helse Førde. Og dei gjorde eit berdfullt forbetringsarbeid på området.

– Dei to studentane har gjort eit veldig grundig forbetringsarbeid på området, og vi har også fått ein god etisk-fagleg diskusjon rundt tolketenestene, seier seksjonsleiar Monika Staberg Sunde ved kreftpoliklinikken. – Arbeidet deira vi bli brukt som grunnlag når vi skal ha reviderte prosedyrer rundt tolking inn i Kvalitetshandboka.

FORBETRINGSARBEID: Sjukepleiestudentane Ingrid F. Lund og Signe Ø. Salbu har gjort eit arbeid som kan gjere det lettare å kommunisere godt med framandspråklege pasientar. Her saman med seksjonsleiar ved kreftfpoliklinikken, Monika Staberg Sunde (til høgre).

Ingrid Lund er ein av studentane som har hatt fordjupingspraksis ved kreftpoliklinikken, og dette var siste praksisperioden for henne og medstudent Signe Salbu. Parallelt med den kliniske praksisen skal studentane også lage eit skriftleg arbeid retta mot kvalitetsforbetring, og presentere dette i klinikken.

Vi såg kor stor trongen for tolk er blitt, og korleis behovet vart dekka, fortel Ingrid. – Det vi har gjort er å foreslå prosedyrer som skal kvalitetssikre tolketenesta. Blant anna bevisstgjere om systema for å søke etter tolk og system for å registrere og kunne søke opp tolkar etter kvalifikasjonar og kva utdanning og eventuell autorisasjon dei har. På den måten kan ein betre sikre at pasienten opplever det teneleg å bruke den tolketenesta vi kan tilby.

Med ei meir systematisk kvalitetssikring vil pasientane kunne kjenne seg tryggare i samtalen. Desse situasjonane kan kjennast vanskelege nok for pasienten sjølv når ein forstår alt og snakkar språket flytande. Pasientane må også kjenne seg trygge på tolkens integritet, og ofte kan kulturelle skilnader også spele inn.

Interessa var stor då Ingrid og Signe presenterte arbeidet sitt i klinikken. Der trekkte dei også fram kor viktig det er å nytte den standardiserte kommunikasjonspermen i pasientsamtalane.

Legar, sekretærar og sjukepleiarar kom frå både poliklinikken og sengeposten, og framlegga til prosedyrer for bruken av tolketenester vart sett som svært nyttige, seier seksjonsleiar Monika Staberg Sunde ved kreftpoliklinikken.

Tekst og foto: Per Marifjæren

 

 

Det er fullt mogleg å leve eit meinigsfylt og spennande liv i ein stor kropp

Toleranse er eit ord vi likar. Men i eit land der halvparten av alle vaksne er overvektige, møter vi dei aller største med ei underleg forakt, skriv førsteamanuensis Eli Natvik ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, i denne kronikken.

Tilskot av Omega 3 bør tilrådast etter fedmeoperasjon

Ein ny studie i Fjordomics-prosjektet viser at ein truleg bør tilråde regelmessig tilskot av omega-3 fram til vekta har stabilisert seg etter ein fedmeoperasjon.

Mange risikofaktorar for hjarte- og karsjukdomar vert redusert som følgje av fedmeoperason. Samstundes vert fettsyrenivå i blodet endra, mellom anna som følgje av at ein et mindre mat etter ein fedmeoperasjon. Studien indikerer at det er spesielt dei som går gjennom ei såkalla duodenal omkopling som er utsett for usunne endringar i fettsyresamansetjinga i blodet eit heilt år etter operasjonen, skriv UNIKARD.

Du kan lese publikasjonen her.

Sjukleg overvektige kvinner får betre fettsyreprofil med meir fysisk aktivitet

Ein ny studie i Fjordomics-prosjektet viser at sjukleg overvektige kvinner får ein betre fettsyreprofil ved hjelp av regelmessig fysisk aktivitet og eit kalorifattig kosthald.

Etter kun tre veker med eit sunt, kalorifattig kosthald og regelmessig fysisk aktivitet var nivåa av dei aller fleste fettsyrene i blodet redusert hjå kvinner med sjukleg overvekt. Nivåa av dei sunne omega-3-fettsyrene held seg imidlertid innanfor sunne nivå, skriv Unikard.

Du kan lese publikasjonen her.