ASK-prosjektet med eige symposium på stor amerikansk konferanse

Ni tilsette frå HiSF/Helse Førde deltok på ACSM-konferansen (American College of Sports Medicine) i Boston i USA i juni. Dette er ein av dei største og beste konferansane på fagfeltet.

ASK-prosjektet  vart presentert på eit to-timars symposium, som blei av slutta med paneldebatt der Geir Kåre Resaland (HiSF/Helse Førde) og Sigmund Alfred Andersen (HiSF) deltok (sjå bilete). Andre på bilete er Heather McKay (Canada), Patti-Jean Naylor (Canada) og Joseph Donnelly (USA).

Les meir om konferansen her.

Livskvalitet i fokus på fedmekonferanse

Forskingsgruppa folkehelse, livsstil og overvekt (FLO) hadde eige symposium på ein større europeisk fedmekonferanse i Gøteborg (EOS 2016) i juni.

Symposiet hadde tittelen «Translating Health-Related Quality of Life (HRQOL) Research into Clinical Practice for Adults and Youth». Føredragshaldarar var Ronette L.Kolotkin (Helse Førde/HiSF), John Roger Andersen (Helse Førde/HiSF) og Margareth Zeller (USA). Ole Johannes Øvretveit (Gaular), deltok ved å fortelje om pasienterfaringar.

Forskar på farten

PhD-stipendiat ved avdeling for helsefag Irene Valaker presenterte abstrakt på internasjonal konferanse i Athen.

Konferansen EuroHeartCare samla deltakarar med arbeid og interesse innan hjarteforsking. Irene hadde ein munnleg presentasjon om pasienten sitt behov for kontnuitet og samanhengande tenestetilbod etter utblokking av kransårer.

Kontinuitet og samanhengande tenestetilbod

I første del av PhD-studien sin, ser Irene spesielt på hjartepasienten si oppleving av tenestetilbodet etter utblokking. Helsevesenet går mot stadig meir spesialisering og oppsplitting, og dette påverkar tenestebehovet. Det er behov for kunnskap om kva som er god samhandling og korleis den kan bli meir effektiv og nyttig. Pasienten er den einaste som kjenner heile pasientforløpet, og kan gje oss viktig informasjon.

Pasienten si stemme skal fram

PhD-prosjektet er finansiert av HiSF, og knytt til Universitetet i Bergen. Prosjektet er ein del av PROCARD-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus, leia av Tone M. Norekvål. I denne forskinga er det pasienten si stemme som skal fram. Pasientrapporterte data står sentralt, kombinert med kliniske resultatmål.

Norekvål er hovudrettleiar for prosjektet. Dei andre rettleiarane er Maj-Britt Råholm, professor ved AHF, Bengt Fridlund, professor ved helsefag ved Jönköping Universitet i Sverige, og Jan Erik Nordrehaug, professor ved UiB og kardiolog ved hjerteavdelinga i Stavanger.

 

Studentar presenterte velferdsteknologi i Polen

Tekst og bilete: Hans Jakob Reite

Fire av studentane ved ingeniørutdanninga på Høgskulen la fram bacheloroppgåvene sine på ein konferanse ved Silesian University of Technology forrige veke.

– Eg fekk nett melding frå Polen om at dei ville ha studentane våre med på ein ny konferanse, smiler ein stolt førstelektor Marcin Andrzej Fojcik, som underviser på ingeniørstudiet.

Simon Buvarp var aldri i tvil om at han skulle gripe sjansen til å delta, medan Hans Olav Tuften, Marius Nordnes Blom og Børge Godejord ikkje bestemte seg før dei såg at bacheloroppgåva nesten var i hamn.

– Eg la vekt på moglegheita for personleg utvikling, og kasta meg på i siste liten, seier Børge.

Polsk doktorgrad kontra bachelor frå Førde

Konferansen handla om medisin og teknologi. Presentasjonane til dei fire HiSF-studentane var prega av praktisk tilnærming og fagleg breidde, medan dei polske doktorgradsstudentane var fagleg smale og særs teoretiske.

– Det var som om vi presenterte alle prosessane langs samlebandet, medan dei polske stod på éin plass, forklarer Hans Olav.

Simon si oppgåve handlar om utvikling av ein teknologisk «stifinnar» for å finne fram på Sentralsjukehuset i Førde, medan dei tre andre skriv om rehabilitering ved hjelp av ein robotarm. Med på turen var også seksjonsoverlege Pawel Mielnik frå Helse Førde.

– Studentane var flinke å legge fram stoffet, og dei snakka slik at det tverrfaglege kom godt fram også for helsepersonalet på konferansen, skryt faglærar Marcin.

Inspirasjon og språkmeistring

– Det mest motiverande var å få presentere oppgåva si på engelsk. Vi opplevde at vi meistra det felles engelske fagspråket, seier Marius.

– Ja, hadde vi visst det vi no veit, så hadde vi spurd høgskulen om å få halde bachelorframlegginga på engelsk også i Førde, skyt Simon inn.

Studentane vart inspirert til å lære meir. Både til å gå vidare akademisk, og til å ta i vare den faglege breidda.

Sosialt på kveldstid

Studentane synest det var stas å diskutere fag med polakkane uformelt på kveldstid. Og når spenninga med presentasjonane var utløyst, vart det også tid til moro. – Vi vart tatt særs vel imot av arrangørane av konferansen, avsluttar studentane, og oppfordrar neste års avgangsstudentar til å gjere seg nytte av tilbodet om å få presentere seg utanlands.

Helse Førde opnar seg for næringslivet

Helse Førde inviterte til dialogkonferanse på Scandic Sunnfjord hotell for å bli betre kjent med næringslivet i fylket.

Helse Førde planlegg framtidas spesialisthelseteneste, og ser at det kan vere nyttig å strekke ut ei hand til næringslivet for å få hjelp til å løyse framtidige utfordringar. – Vi blir stadig fleire eldre i fylket, og færre yrkesaktive. For å kunne løyse framtidas utfordringar er det difor nødvendig og tenke nytt og arbeide med tenesteutvikling og innovasjon, seier utviklingsdirektør i Helse Førde Anne Kristin Kleiven.

Speed-dating

Det er første gong Helse Førde har arrangert ein slik konferanse, og målet med dagen var å bli betre kjent, og kunne utforske moglegheiter for framtidig samarbeid. Difor vart det sett av tid til speed-dating, der ein kunne snakke saman i ein meir uformell setting.

Helse Førde nytta også sjansen til å lansere Idémottaket sitt, som er ein nettportal der alle som ønskjer kan melde inn sine idear om forbetringar.

Samarbeid

Konferansen var eit samarbeid mellom Innovasjon Norge, NHO Sogn og Fjordane, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, og Helse Førde. – Denne konferansen er eit første steg på vegen mot å kunne samarbeide tettare med framtidige prosjekt, seier rådgjevar i NHO Sogn og Fjordane Marit Gjerstad.

Robot i rehabilitering etter hjerneslag

Kan kopling mellom teknologi og helse hjelpe slagpasientar? Tre ingeniørstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ønskjer å utvikle samarbeidet mellom menneske og maskin.

– Folk har ein skepsis til robotar i utgangspunktet. Dette kan til og med gjelde for ingeniørar, smiler dei tre studentane Børge, Hans Olav og Marius. Dei er inne i avslutningsfasen av bacheloroppgåva si, der dei har utvikla ein robot som skal brukast i arbeidet med slagpasientar.

For å menneskeleggjere roboten, har dei programmert den til å handhelse. Dei har fylt ein arbeidshanske med akryl for å simulere kjensla av å ta i ei menneskehand. Slik blir det lettare for pasient og fysioterapeut å ta roboten i bruk.

Å måle krefter gir motivasjon

Roboten trenar opp gripeevna i den skada armen. Den kan innstillast på ulike styrkenivå, og vil yte auka motstand dess sterkare pasienten er. Ein viktig faktor i studentprosjektet, er å finne ut om roboten kan arbeide i kontakt med menneske på ein trygg måte. Difor valde dei ein følsom robottype som ikkje kan skade pasienten.

Logg og leik

Fordelen med å bruke robot i rehabiliteringa, er at ein får nøyaktig logg på treningsprestasjonane og kan følje desse over tid. Studentane ser for seg at  det kan utviklast dataspel som del av treninga, slik at aktiviteten blir kjekkare. Roboten kan også programmerast til å kome med overraskande rørsler. Dette kan vere med på å gjere treninga meir variert og spennande.

Helsepersonell må meir inn i neste fase

Denne oppgåva har hovudvekt på robot og programmering, men studentane har også rådført seg med fysioterapeut Eli Natvik ved høgskulen. Resultata så langt gir god von om bruk av denne teknologien i velferdssektoren.

– Vi håpar det kjem mange sjukepleiestudentar og anna helsepersonell og høyrer på presentasjonen vår i slutten av mai, seier studentane. Dei kan gi oss nyttige innspel til praktiske område der teknologien kan takast i bruk.

Tekst og foto: Bente Kjørstad Walaker

Frå Førde til Cape Town

Stomisjukepleiar i Helse Førde Kirsten Lerum Indrebø presenterte studien ho held på med på Verdskongressen for stomisjukepleiarar i Cape Town.

Å tilpasse seg til å leve med stomi kan vere ei utfordring både fysisk og psykisk. Stomiopererte blir difor følgde opp poliklinisk hjå stomisjukepleiar ca 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen.

Indrebø er no i gang med ein studie for å sjå korleis ein kan få endå betre individuell tilpassing av oppfølgjinga. Dette skal skje gjennom bruk av eit klinisk tilbakemeldingssystem som måler resultatet av pasienten sin framgang i behandlinga over tid. Målet med denne studien er å evaluere effekten av eit klinisk tilbakemeldingssystem når det gjeld stomiopererte si tilpassing til å leve med stomi og å evaluere pasientane sine vurderingar av det kliniske tilbakemeldingssystemet.

Intervensjonen inkluderer sjølvrapporterte data relatert til tilpassing til å leve med stomi. Målingane vert gjennomført elektronisk før kvar kliniske kontroll 3 veker, 3, 6 og 12 månader etter operasjonen. Pasienten sine svar vert analyserte og grafisk framstilte for bruk i konsultasjonen, der pasienten og stomisjukepleiar drøftar svara.

Eit slikt klinisk tilbakemeldingssystem er allereie i bruk i psykiatrisk klinikk, og ein ønskjer no å også teste det ut i andre avdelingar med andre pasientgrupper.

Verdigheitsstudie i sjukeheimar

Eldre som bur på sjukeheimar er i ulike settingar eksponerte for situasjonar som kan assosierast med tap av verdigheit. For å hjelpe dei med å bevare verdigheita er det viktig å finne ut korleis dei sjølve ser på verdigheit. I denne skandinaviske studien har 28 bebuarar på seks ulike sjukeheimar delteke. Professor Maj-Britt Råholm ved avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er medforfattar.

«Maintaining dignity in vulnerability: A qualitative study of the residents» perspective on dignity in nursing homes»

Livskvalitet på nynorsk

Tusen 10-åringar testa eit spørjeskjema om livskvalitet. Resultata er publisert i «Health and Quality of Life Outcomes».

JR

John Roger Andersen

Spørjeskjemaet som måler fysisk velvære, psykisk velvære, kontakt med familie, vener og trivsel på skulen, bestod alle testane som vert krevd for å kunne seie at det kan brukast til livskvalitetsforsking. Skjemaet er også gjort tilgjengeleg på mange ulike språk rundt om i verda, noko som gjer komparative analysar mogleg, seier førsteforfattar av studien John Roger Andersen.

For første gong er det no tilgjengeleg eit solid uttesta spørjeskjema for måling av livskvalitet for barn og ungdom på nynorsk. Resultata som er publisert i tidsskriftet «Health and Quality og Life Outcomes», viser at den nynorske versjonen av «Kidscreen-27», fungerte svært godt for dei vel tusen 10-åringane som var med i studien.

-Vi kan no undersøke kva faktorar som er forbunde med god livskvalitet hos barn og ungdom med metodar vi veit held svært høg kvalitet. For oss er det dessutan svær viktig å kunne tilby gode spørjeskjema på nynorsk til dei som føretrekk dette, for det er ei mangelvare i dag, seier Andersen. Studien er ein del av forskingsprosjektet Active Smarter Kids, og i tillegg til John Roger Andersen er Gerd Karin Natvig, Turid Skrede, Kristin Haraldstad, Eivind Aadland og Geir Kåre Resaland forfattarar av artikkelen.

Psychometric Properties of the Norwegian Version of the Kidscreen-27 questionnaire

Menn har mykje dårlegare kolesterolprofil enn kvinner

Forskarar frå Fjordomics-prosjektet i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen har undersøkt fettsyre- og fettstoffnivåa i serum hos barn og voksne, med mål om å sjå korleis nivåa endrar seg gjennom livet. Dei inkluderte 91 friske 10-åringar og 136 friske voksne frå Sogn og Fjordane, og analyserte fastande blodprøvar for nivåa av 18 fettsyrer og 21 fettstoff av ulik karakter og størrelse.

Menn hadde langt meir ugunstig fettstoffprofil enn gutar, medan det var langt mindre som skilte fettstoffprofilane til jenter og kvinner.