Her er vinnarane i posterkonkurransen under Forskingsdagane 2015

Mette Hjertaas, Gunn Strømsøy og Randi Mette Steen ved Kvinneklinikken vann prisen for beste poster i kategorien forskings -og kvalitetssikringsprosjekt, i samband med markeringa av Forskingsdagane 2015.

Dei hadde laga posteren: Kan varsel- og tiltakslinje redusere bruk av oksytocin? Randi Mette Steen var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Deltakarane konkurrerte i to klassar, ein klasse for forskings- og kvalitetssikringsprosjekt og ein for studentprosjekt.

Det var totalt 24 posterar med i konkurransen.

Førstepremien for beste studentposter gjekk til Mie Neumann og Mariell Hermansen for posteren: Prosjektering av distribusjonsnett i Storehaugen byggefelt.

I jyryen: Magne Arve Flaten, professor NTNU/HiSF, Siry Ytrehus, professor HiSF og Tarja Kvalheim, forskar Helse Førde.

I tillegg til heider og ære, var førstepremien for beste forskings- og kvalitetsposter på kr 2000,- ,og beste studentposter på kr 1000,-.

Senter for helseforsking gratulerer prisvinnarane!

Et fisk, gå tur og bli frisk

Forsking i Helse Førde forklarar kvifor du kan leve lenger ved å ta tran og ete sild.

Ved å analysere tusenvis av blodprøver dokumenterer Tarja og Olav Kvalheim korleis omega-3-feittsyrer er kopla til produksjonen av gode kolestrolpartiklar som transporterer feittsyrene rundt i kroppen. Tidlegare er det ført prov for at det å gå på tur har ein tilsvarande effekt.

 Lev lenge

– Ved å gå tur og ete fisk kan du påverke din eigen levealder med ti-tolv år, seier Olav Kvalheim til Firda som i dag har eit oppslag om forskinga til ekteparet.

Dei to professorane, som begge er knytte til forskingsprosjektet «Fjordomics» i Helse Førde, har nyleg fått publisert ein vitskapleg artikkel om emnet. Der påviser dei at marine feittsyrer er spesielt gunstige for hjarte/karhelse. Feit fisk som sild, makrell og sardiner er spesielt bra, men også andre fiskeslag gjer nytten. Eit godt alternativ er å ta tran.

 Eskimoane

Kunnskapen om at marine feittsyrer er godt for kroppen, er ikkje ny. Det blei oppdaga då eskimoar, som på 50- og 60-talet flytta til Danmark, raskt tok til å slite med same livvstilssjukdomar som danskane.  Fleire tok til å stille spørsmål ved om endringar i kosthald kunne vere forklaringa.

– Forsking viste at marine omega-3-feittsyrer i blodet til dei grønlandske eskimoane var ti gonger høgare enn hos etniske danskar og eskimoer som hadde flytta til Danmark.

Kvifor sunt

Det nye er med forskinga til Tarja og Olav Kvalheim er at dei har funne mange svar på kvifor marine feittsyrer er så sunt.  Når vi har ete, blir feittkomponentane transporterte med blodet til cellene for bruk eller lagring. Feitt er ikkje oppløyseleg i vatn, men blir omdanna til feittsyrer med ein del som løyser seg opp i vatn. Dei kan dermed transporterast til blodet, og tilbakeførast til levra og omdannast til energi når vi går tur eller driv annan fysisk aktivitet.

Eigen påverknad

Enkelt sagt så er det slik at det vi puttar i oss av mat,  slår av og på gena våre. Dermed blir kosthaldet viktig. Er du flink til å gå tur, får du altså i pose og sekk. Konklusjonen er at den enkelte i stor grad kan påverke risikoen for livsstilssjukdomar gjennom kosthald og aktivitet.

Tekst og bilete: Terje Ulvedal.

 

 

To postere på konferansen «Sykepleieforskning i tiden – betydning for fremtidens helsetjeneste»

Joanna Galek (HiSF), Dagrun Kyrkjebø (HiSF) og Bente Egge Søvde (HiSF)

På konferansen «Sykepleieforskning i tiden – betydning for fremtidens helsetjeneste» i Oslo den 8. jun. – 9. jun. 2015  var det presentert to postere:

  • «Konsensus på praktisk gjennomføring av legemiddelhåndtering i kommunehelsetjeneste i Sogn og Fjordane» av Joanna Galek (HiSF) og Michal Zukrowski (HF)
  • «Sjukepleiaren sitt abeid med fagleg oppdatering i kommunehelsetenesta» av Dagrun Kyrkjebø (HiSF), Bente Egge Søvde (HiSF) og Maj-Britt Råholm (HiSF)

Publikasjon: Sjukepleiarens arbeid med individuell plan for kreftramma

Førstelektor Solveig Sægrov har publisert ein artikkel i Sykepleien Forskning.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: Sjukepleiaren si kompetanseutvikling i kommunehelsetenesta; samspel mellomutdanningsinstitusjon og arbeidsplass

Høgskulelektor Gro Hovland er ute med publikasjon i Nordisk Tidsskrift for Helseforskning. Medforfattarar er Dagrunn Kyrkjebø og Maj-Britt Råholm.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

 

 

 

 

Publikasjon: Sjukepleiaren sitt mot fremmar tillit og styrkar livsmotet hjå alvorleg brannskadde pasientar

Høgskulelektor Irene Sjursen har publisert ein artikkel i Nordisk Sygepleieforskning. Medforfattarar er Eva Gjengedal og Kari Kvigne.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

Publikasjon: What is covered by «cancer rehabilitation» in PubMed? A review of randomized controlled trials 1990-2011


Professor Ellen Karine Grov i Høgskulen i Sogn og Fjordane er sisteforfattar på ein studie publisert i Journal of Rehabilitation Medicine.

Førsteforfattar er Sævar Berg Gudbergsson medan dei andre medforfattarane er Alv A. Dahl, Jon Håvard Loge, Lene Thorsen  og Line M. Oldervoll.

Du kan lese artikkelen her.

 

 

Publikasjon: What Brings You Here? Exploring Why Young Adults Seek Help for Social Anxiety

Psykolog og førsteamanuensis Christian Moltu i Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Universitetet i Bergen er medforfattar på ein ny artikkel i Qualitative Health Research.

Førsteforfattar er Aslak Hjeltnes medan dei andre medforfattarane er Elisabeth Schanche og Per-Einar Binder.

Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon: RCT om tiltak for trygg kirurgi i «Annals of Surgery»

Lege Stian K. Almeland frå Helse Førde er medforfattar på ein artikkel med tittelen: «Effect of the World Health Organization Checklist on Patient Outcomes: A Stepped Wedge Cluster Randomized Controlled Trial».

Førsteforfattar  er Arvid Steinar Haugen medan desse er medforfattarar;  Eirik Søfteland,  Nick Sevdalis,  Barthold Vonen,  Geir E. Eide,  Monica W. Nortvedt og Stig Harthug.

Studien er publisert i Annals of Surgery. Du kan lese artikkelen her.

Publikasjon om pasientforløp etter innlegging på sjukehus i høve til pasientar og pårørande sine erfaringar

Kristin Laugaland (PhD) har saman med førsteforfattar Dagrunn N Dyrstad og medfforfattar Marianne Storm publisert ein artikkelen med tittelen: «An observational study of older patients’ participation in hospital admission and discharge – exploring patient and next of kin perspectives».

Laugaland har dei seiste åra vore tilsett i Helse Førde som PhD stipendiat og disputerte i juni i år.

Studien er publisert i Journal of Clinical Nursing. Du kan lese artikkelen her.