Entries by mediebruketbot

Publikasjon om vanskelege pleiesituasjonar

Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll, som leiar forskingsgruppa “Kvalitet og innovasjon i eldreomsorg», er ute med ny publikasjon med tittelen: “When care situations evoke difficult emotions in nursing staff members: an ethnographic study in two Norwegian nursing homes”. Studien er publisert i BMC Nursing, saman med Ellen Karine Grov, Kjell Kristoffersen og Solveig Hauge. Artikkelen kan du […]

Musikkterapi hjelper i traumearbeid med barn

Musikkterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved Førde BUP, Gunn Karoline Fugle held innlegg  på konferansen «The 8th Nordic Music Therapy Congress» i Oslo i sommar. Tema for konferansen var «Music therapy across contexts». Fugle sitt innlegg handla om musikkterapi i traumearbeid med barn, med utgangspunkt i forsking innan faga utviklingspsykologi, nevrologi og musikkterapi. Publikum fekk […]

Publikasjon: Dette er ASK studien

Forskingsprotokollen til ASK studien er publisert i «Public Health». Førsteforfattar er Geir Kåre Resaland som også er forskinskoordinator i Helse Førde. Medforfattara er  Vegard Fusche Moe, Eivind Aadland, Jostein Steene-Johannessen, Øyvind Glosvik1, John R Andersen, Olav M Kvalheim, Heather A McKay og Sigmund A Anderssen.  ASK studien er no avslutta og arbeidet med å undersøke funna […]

Frå kvalitetsprosjekt til Fjordkonferanse

Laila Aarnes, Åse Skare og Karin Harris frå smittevernavdelinga i Helse Førde har utført ei kartlegging av i  kva grad retningsliner for bruk av inneliggande urinkateter vert nytta i praksis. Dei fleste helseinstitusjonane i Sogn og Fjordane deltok. Undersøkinga blei finansiert via Helse Vest sine såkornmiddlar. Funna vart lagt fram på Fjordkonferansen i juni 2015 […]

Publikasjon om menn sine opplevingar etter fedmekirurgi

Stipendiat ved Universitetet i Bergen, Eli Natvik, som også er tilknytt forskingsgruppa “Folkehelse, livsstil og overvekt ved Senter for helseforsking, er ute med ny publikasjon som heiter: “Translating weight loss into agency: Men’s experiences 5 years after bariatric surgery”. Studien er publisert i International Journal of Qualitative Studies on Health and Well-being, saman med Eva Gjengedal, Christian […]

Forskarar frå Førde markerte seg på SESAM-konferansen

Forskarar frå Førde markerte seg godt på SESAM konferansen 2015 i Stavanger sist veke. Ein heil parallellsesjon var sett av til bidrag frå Førde (HiSF, HF og USHT). Førsteamanuensis Anne Marie Sandvoll var ein av hovudinnleiarane på konferansen, og forelas frå sin doktorgradsstudie om pleiepraksis i sjukeheim. Konferansen er populær og hadde over 200 deltakarar […]

Ny disputas frå overvektssatsinga

Randi Jepsen disputerte 15. april for phd-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga “Physical activity and self-reported outcomes during a two-year lifestyle intervention for severely obese adults” Randi Jepsen har saman med kollegaer følgt 49 personar som deltok i livsstilsendringsprogram ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Alle hadde alvorleg fedme Programmet gjekk over to år. I […]

Nye doktorgradsstipendiatar

Runar Tengel Hovland og Kari Eldal er tilsett som doktorgradsstipendiatar knytt til psykisk helse. Avdeling for helsefag har tilsett to doktorgradsstipendiatar i forskingsgruppa for psykisk helse og rus, ein finansiert av eigne midler og ein av KD-stipend. Forskingsgruppa er og ei av to strategiske satsingar som Helse Førde har vedteke for dei neste 5 åra, […]

Avsparkmøte for dei tematiske forskingssatsingane

Torsdag 22.januar var det avsparkmøte for dei to tematiske forskingssatsingane innan psykisk helse og rus, og folkehelse livsstil og overvekt. Styret i Helse Førde har vedteke oppretting av to strategiske forskingssatsingar:  «Folkehelse, livsstil og overvekt» og  «Psykisk helse og rus». Satsingane skal organiserast rundt tematiske forskingsgrupper som inklduerer både Helse Førde-tilsette og Høgskulen i Sogn og […]

Nytilsett forskingskoordinator

Førsteamanuensis og Postdoc John Roger Andersen er tilsett i ny stilling som forskingskoordinator i Helse Førde. Andersen starta i stillinga 1 januar 2015. Han har 10% stilling som forskingsgruppeleiar for satsinga knytt til «Folkehelse, livsstil og overvekt» og 40% stilling som  forskingskoordinator. Føremålet med tilsettinga av Andersen er at Helse Førde skal få auka kapasitet […]