Sjukepleiestudentane imponerte med sterke bachelortema
5 og 6 desember var det duka for munnleg presentasjon og posterpresentasjon av bacheloropgåver for kull 68 i sjukepleie. Emneansvarleg Sissel Hjelle Øygard og fagseksjonsleiar Anny Aasprang uttrykte stor glede og entusiasme over studentanes innsats og framlegg. I forbindelse med framlegga blei det utdelt to prisar, ein for beste abstrakt og ein for beste poster.
Senter for helseforsking gratulerer Therese Ødegaard Gjøen som fekk prisen for beste abstrakt med sin tittel «En alminnelig henvendelse, eller en symbolsk handling og en etisk fordring». Juryen trekk fram at Therese røre ved eit sterkt og dagsaktuelt tema om kreftpasientars håp gjennom palliativ behandling av sjukdomen, og formidlar dette på ein god fagleg måte. Bacheloroppgåva hennar har tatt for seg korleis sjukepleiarar kan fremme det realistiske håpet hos kreftpasienten når sjukdomen ikkje kan kurerast.
Store gratulasjonar går også til Ruth Marie Haug og Tina Gotteberg Hove for beste poster. Juryen var imponert over den levande og tankevekkande tittelen «Et barn for lite», eit godt fagleg innhald rundt problematikken spontanabort, og ikkje minst temaets relevans. Det visuelle uttrykket på posteren ga eit heilskapleg godt bilde som formidla bakgrunn og resultat på ein spennande måte. Trykk på bilde for å sjå posteren i full størrelse.
Med livredning på timeplanen
Korleis kan vi som sjukepleiarstudentar formidle livreddande førstehjelp i aldersgruppa 11-13 år på ein god måte?
Senter for helseforsking gratulerer sjukepleiarstudentane Sarah-Helen Fuglestrand, Benedicte Kallekleiv, Helene Skjærli, Martine Fossheim og Irene Bakketun som gikk seigrande ut av posterkonkurransen som var arrangert for studentane i forbindelse med forskingsdagane 2018. Trykk på posteren for å sjå vinnarbidraget!
Komiteens vurdering av fyrsteplassen trakk frem at posteren har eit fint visuelt uttrykk og eit klart bodskap. Temaet er svært dagsaktuelt og viktig i ein samfunnskontekst. Tittelen «Med livredding på timeplanen» er beskrivande for prosjektet, og alle vesentlege element for å forstå kva som vart gjort, kvifor og resultat kom tydeleg frem. Komiteen er i tillegg imponert over omfanget av aktiviteten med totalt 153 elevar på fire ulike skular. Alt i alt ein flott poster!
Nytt Helse Vest-stipend til Førde
Psykolog Kristina Osland Lavik nådde opp i den svært tøffe konkurransen om doktorgradsstipend i Helse Vest. – Det er svært gledeleg at Lavik har fått tildelt dette stipendet. – Dette er eit trangt nålauge, og syner at Lavik sitt doktorgradsprosjekt har høg kvalitet både forskingsmessig og med klinisk relevans. Her er det berre til å seie gratulerer, og lukke til med viktig arbeid, seier klinikkdirektør for psykisk helsevern Børge Tvedt.
– Forskingsmiljøet rundt forskingsgruppa for psykisk helse og rus leverer stadig gode og relevante prosjekt, og dette er ei viktig anerkjenning både av denne forskingsgruppa, og det vi i lag med Høgskulen på Vestlandet har utvikla gjennom Senter for helseforsking. Det er viktig for oss å drive klinikknær forsking, og psykiatrisk klinikk i Førde har klart å leggje til rette for dette, sjølv i relativt små fagmiljø samanlikna med dei vi konkurrerer med, avsluttar Tvedt.
Berre 21% av dei som søkte midlar fekk tildeling. Senter for helseforsking gratulerer!
Har meir fysisk aktivitet i skulen effekt på barns livskvalitet? Ny vitskapleg publikasjon
Forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde har publisert artikkelen: “Effects of a physical activity intervention on schoolchildren’s health-related quality of life: The active smarter kids (ASK) cluster-randomized controlled trial” i tidsskriftet Preventive Medicine Reports.
Kva studien viser
I studien vart 10-åringar frå Sogn og Fjordane (596 elevar frå 28 skular) randomisert til ein times fysisk aktivitet kvar dag eller til kontrollgruppe (582 elevar frå 29 skular). Oppfølgingstida var sju månader. Resultata viser at intervensjonen ikkje hadde nokon signifikant effekt på livskvalitet. Det var heller ikkje noko signifikant auke i objektivt målt fysisk aktivitet på intervensjonsskulane, sjølv om lærerane rapporterte å ha gjennomført aktivitetane som planlagt. Eit sekundærfunn er at livskvaliteten hos 10-åringar i Sogn og Fjordane er på gjennomsnittleg nivå samanlikna med heile Europa.
Kva studien betyr
Då studien ikkje førte til noko auke i objektivt målt fysisk aktivitet kan ein heller ikkje forvente at den skulle ha nokon effekt på livskvalitet. I kva grad skuleintervensjonar med faktisk auka objektivt målt fysisk aktivitet har ein effekt på livskvalitet er derfor framleis usikkert. Metodiske utfordringar med store og komplekse skuleintervensjonar som i dette tilfellet vert drøfta i artikkelen.
Du kan lese artikkelen i fulltekst her!
Både John Roger Andersen og Geir Kåre Resaland er forskingskoordinator i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Begge er knytt til prosjektet Predikatorar for helse og livskvalitet hos barn og ungdom som er eit av fleire prosjekt i forskargruppa Folkehelse, Overvekt og Livsstil.
Korleis går det når luftambulansen ikkje kan komme? Ny vitskapleg publikasjon
I samband med prosjektet «framtidas lokalsjukehus» i Nordfjordeid vart det gjort endringar i den kirurgiske akuttberedskapen, noko som skapte mykje debatt og motstand lokalt. Sjølv om alvorlege hastehendelsar ofte blir teke hand om av luftambulanse/redningshelikopter, så er det ikkje alltid denne kan kome t.d. grunna vanskelege vêrtilhøve.
I prosjektet vart det difor løyvd midlar til eit følgeforskningsarbeide der ein skulle sjå på korleis det gjekk med dei pasienttilfella der ein ikkje kunne få luftambulansen, men måtte bruke det ordinære systemet med bilambulanse. Det er så langt arbeidd med to forskningsartiklar, og den eine er no publisert i Scandinavian Journal of Primary Health Care.
Utgangspunktet var ein gjennomgang av alle kansellerte luftambulanseoppdrag i perioden 2010-2013, som utgjorde 172 oppdrag med til saman 180 pasientar, der dei viktigaste årsakene var akutt hjartesjukdom, hjerneslag og skadar. 2/3 var primæroppdrag til hendelsesstaden og resten var sekundæroppdrag (overflytting frå eit sjukehus til eit anna).
Den andre, foreløpig upubliserte; artikkelen tek for seg konsekvensar i form av tapte leveår for dei pasientane det galdt, medan artikkelen her ser på kva behandling og involvering frå primærhelsetenesta desse pasientane fekk.
Det viste seg at i heile 95% av primæroppdraga vart kommunal legevaktslege varsla, og desse deltok i undersøking/behandling i 62% av tilfella. Om lag i 1/3 av desse 62% følgde legevaktslegen med ambulansen til sjukehus. Ellers var det oftast ambulansearbeidar som følgde pasienten vidare frå hendelsesstaden til sjukehus (121 av 180 tilfelle), men også anestesilege, jordmor og anestesisjukepleiar var involverte i nokre av tilfella. I 41% av tilfella vart det ikkje gjeve nokon spesifikk behandling utover surstoff under transportane. I overflyttingsoppdraga til større sjukehus fekk 10% aktiv pustestøtte.
Studien konkludera med at både ambulansearbeidarar og legevaktslegar har viktige rollar i dei tilfella då luftambulanse ikkje kan komme til staden.
Ny vitskapleg publikasjon
Effekt av klinisk tilbakemeldingssystem på helserelatert livskvalitet, med implikasjonar for behandling av fedme – Ein oversikt over systematiske oversiktartiklar.
Hovudfunn frå studien viste ingen sikker statistisk effekt av klinisk tilbakemeldingssystem på helse-relatert livskvalitet. Det var varierande korleis tilbakemeldingssystemet blei anvendt i konsultasjonen med pasientane i dei inkluderte studiane, og korleis opplæringa av helsepersonellet har vore i forkant. Pasientar med fedme vil truleg ha effekt av klinisk tilbakemeldingssystem i behandlinga, då dette tiltaket er effektivt på blant anna mentale utfordingar. Ved innføring av klinisk tilbakemeldingssystem i behandling må det gjevast god opplæring av helsepersonellet, brukast aktivt i behandlinga, og oppsummeringa av svara må være utgangspunkt for diskusjon med pasienten.
Vidare vart det i februar 2018 satt i gang eit forbetringsprosjekt der ein testar ut eit klinisk tilbakemeldingssystem på Fedmepoliklinikken ved Førde Sentralsjukehus. Pasienten svarar på spørsmål knytt til utfordingar med fedme, utfordingar etter fedme-operasjonen, helserelatert livskvalitet og psykisk helse.
Pål Andre Hegland er stipendiat ved HVL på campus Førde, og er knytt til forskargruppa Folkehelse, Livsstil og Overvekt i same by.
Link til artikkelen finn du her.
Ny vitskapleg publikasjon
Korleis er det å leve med kronisk obstruktiv lungesjukdom gjennom ulike fasar og mange møte med helsevesenet?
Forskargruppa kom fram til to hovudtema gjennom analyse av kvalitative intervju: «Kampen for å halde det gåande» og «Behovet for kontinuitet og kompetent hjelp». Dei intervjua fortalde at dei opplevde komplekse endringar gjennom sjukdomsforløpet. Dette omfatta endringar i rolle og funksjon og krevjande forværringsepisodar med akutte kriser og stadige nye utfordringar i eigenomsorga. Alle fortalte om stort behov for, og nytte av opplæring, rehabilitering og kyndig oppfølging gjennom heile sjukdomstida. Men slett ikkje alle mottok den hjelpa dei hadde behov for. Ofte møtte dei helsepersonell som syntes å mangle kompetanse på lungesjukdommen, og då vart pasientane utrygge. Slike møte hindra dei i å søke hjelp også når dei burde ha gjort det.
I 2012 kom nye nasjonale retningsliner for oppfølging av denne pasientgruppa. Både funna i denne studien, og frå ei spørjeundersøking til personar som lever med denne sjukdommen i Sogn og Fjordane, gjort av same forskargruppa, tyder på at det er langt igjen før tilrådingane i desse retningslinene er følgt opp, spesielt i kommunehelsetenesta. Og- når pasientane opplever at kommunehelsetenesta manglar kompetanse og ikkje gir den hjelpa pasientane treng, så tek dei heller kontakt med spesialisthelsetenesta. Funna tyder på at kompetanseheving og innføring av nye rutinar i kommunehelsetenesta i forhold til rehabiliterings- og opplæringstilbod samt kontrollar er heilt nødvendig for å gi desse personane betre oppfølging og muligheit til å halde sjukdommen sin i sjakk.
Publikasjonen er ein av fire frå eit fleirårig samarbeidsforskingsprosjekt med sterk brukarinvolvering. Link til artikkel finn du her.
Anne-Grethe Halding, førsteforfattar, er sjukepleiar og førsteamanuensis ved Fakultet for helse- og omsorgsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Førde. Ho har leia samarbeidsprosjekta «Styrking av brukardeltaking» og «Brukarbaserte oppfølgingstenester for personar som lever med KOLS». Prosjekta er finansiert av Høgskulen i Sogn og Fjordane og Extrastiftelsen Helse og Rehabilitering via Landsforeningen for Hjerte- og Lungesyke.
Ny forsking viser at tilpassa koding av komplikasjonar etter kirurgi kan gi stor gevinst
Forskarar ved Haukeland Universitetssjukehus og Førde sentralsjukehus har i samarbeid med internasjonale forskarar vist nytten ved å ha tilpassa kodar for å kunne skilje mellom «gamle» og nyoppståtte komplikasjonar på sjukehus. -Det er viktig å kunne skilje på nye og tidlegare komplikasjonar for å få meir korrekte opplysingar om dei komplikasjonar som oppstår i sjukehus, og dermed forebygge komplikasjonar, seier Anette Storesund som er forskar og intensivsjukepleiar på postoperativ seksjon på Haukeland Universitetssjukehus, til Dagens medisin.
Les heile saka i Dagens medisin: https://www.dagensmedisin.no/artikler/2018/09/25/tilpasning-av-icd-10-kodeverket-bidro-til-riktigere-tall-pa-komplikasjoner/