Obesity Surgery – viktig tidsskrift i vårt forskingsmiljø

2013 vert eit godt år for Helse Førde med omsyn til vitskapleg publisering, og nokre tidsskrift er meir brukt enn andre. Tidsskriftet Obesity Surgery har publisert tre artiklar dette året med forfattarar frå fylket og som har adresse Helse Førde og Avdeling for helsefag (HiSF).

Publikasjonane er ikkje berre gledelege for dei to institusjonane for seg, for desse arbeida syner det gode resultatet ein har fått til gjennom samarbeid med andre.

Obesity Surgery peikar seg difor ut som eit svært viktig tidsskrift for forskingsmiljøet lokalt i Førde. Gjennom å publisera her når ein i tillegg ut til ei stor lesargruppe internasjonalt. Obesity Surgery – som vert publisert av eit av verdas største forlag, Springer – er den offisielle journalen frå International Federation for the Surgery of Obesity and metabolic disorders (IFSO). Frå tidsskriftet si nettside heiter det at Obesity Surgery er eit internasjonalt og tverrfagleg forum som formidlar den siste forskinga og kirurgiske og laporaskopiske teknikkar for behandling av sjukleg overvekt og tilleggssjukdomar. Tema som vert dekkja omfattar sjølvsagt forsking, men i tillegg kliniske rapportar, status, retningsliner, historiske perspektiv, inviterte bidragsytarar, brev til redaktør, innovasjon og meiningsutveksling på feltet.

Obesity Surgery er tradisjonelt eit tidsskrift for kirurgar som held på med fedme- eller metabolsk kirurgi, men er óg relevant for  generell kirurgi. Vidare dekkjer tidsskriftet breitt ettersom sjukepleiarar, psykologar, ernæringsfysiologar, plastikk-kirurgar, endokrinologar, diabetesforskarar og andre bidreg med artiklar her.

Korleis det endelege resultatet for Helse Førde og Avdeling for helsefag vert for 2013 totalt, kan me ikkje seia noko om før rapporteringsfristen til CRIStin går ut 1. april. Men me kan lova at det vert ei eiga nyheitssak om dette.

Artiklar frå vårt forskingsmiljø i Obesity Surgery 2013:

Våge, Villy; Nilsen, Roy Miodini; Berstad, Arnold; Behme, Jan Horst; Sletteskog, Nils; Gåsdal, Stein Ronny; Laukeland, Camilla; Mellgren, Gunnar.

Predictors for remission of major components of the metabolic syndrome after biliopancreatic diversion with duodenal switch (BPDDS). Obesity Surgery 2013

 Aasprang, Anny; Andersen, John Roger; Våge, Villy; Kolotkin, Ronette Loganzo; Natvig, Gerd Karin.

Five-year changes in health-related quality of life after biliopancreatic diversion with duodenal switch. Obesity Surgery 2013

Andersen, John Roger; Aadland, Eivind; Nilsen, Roy Miodini; Våge, Villy.

Predictors of Weight Loss are Different in Men and Women After Sleeve Gastrectomy. Obesity Surgery 2013

Les meir om tidsskriftet her: http://www.springer.com/medicine/surgery/journal/11695

Vakte minner, mestring og glede på sykehjem

Flere eldre og demente pasienter kan mestre og ha glede av aktiviteter på sykehjem. Det sier seks studenter fra HiSF etter fullførte praksisprosjekter.

Aktivitet er godt for helse og trivsel, men ikke alle pasienter på sykehjem får delta på aktivitetstilbud. Det kan flere ha glede av, mener sjukepleiestudenter fra HiSF.

Deltagelse gleder

Agnete Hansen, Marita Espe og Arianne Dvergsdal Hopland har hatt fokus på aktivitet, fellesskap og helse i to ukers hospitering ved Skei omsorgssenter. Der gjennomførte de helsefremmende aktiviteter for en gruppe av pasienter som ofte ikke ble invitert med på sykehjemmets aktivitetstilbud, fordi personalet mente de ikke var interesserte eller evnet å delta.

– Da vi spurte ville de bestandig være med, og de som ikke orket å stikke ut pepperkaker for eksempel satt og fulgte med på aktiviteten. De sa at de syntes det var så kjekt å gjøre noe sammen, og de gledet seg til neste gang vi skulle komme, forteller Hansen og Espe. I løpet av to uker bakte de julekaker, stekte vafler, sang sanger og feiret førjulsfest sammen med en liten gruppe sammensatt av somatiske og demente pasienter. Studentene forteller at det ble en svært positiv erfaring for både pasienter og personalet, som så at pasientene hadde stor glede av å delta.

Musikk for demente

På Bergen Røde Kors sykehjem gjennomførte en annen studentgruppe et lignende prosjekt, men her var musikkterapi i fokus. Julie Omdahl, Marina Mannaert, Helen Osvoll og Gerd Silje Olsen ønsket å ta i bruk musikkterapi i nye situasjoner på sykehjemmets demensavdeling.

– Vi ville se om vi kunne bruke musikk for å skape trygghet og få fram minner, og om atferden hos de eldre endret seg, forteller studentene. De tok blant annet i bruk musikk under morgenstellet av en dement eldre dame, som iblant kunne være vanskelig å få opp om morgenen.

– Vi nynnet med til musikken mens vi stelte pasienten, og det ble en fin måte å stå opp på. Pasienten hadde ikke språk, så vi måtte tolke mimikken hennes, men vi så på ansiktet at dette gleder pasienten, forteller Olsen.

Minnene dukket fram

Julebakst med de eldre ga nye positive opplevelser for studentene. Med kjente og kjære julesanger til arbeidet koste pasientene seg med å lage pepperkaker og krumkaker.

– Flere husket og fortalte om gamle minner, som at dette hadde de gjort med barna sine da de var små, minner som de ikke hadde husket på veldig lenge, forteller studentene. Kakebaksten gikk over all forventning.

– De fikk en veldig mestringsfølelse av å lage pepperkaker eller huske sangtekstene, du så hvilken glede det egentlig ga pasientene. Vi synes vi lyktes veldig med prosjektet, forteller en fornøyd gruppe studenter.

Strategi for forsking og innovasjon i Helse Førde

HF-styret vedtok 12. desember strategi for forsking og innovasjon i Helse Førde for perioden 2014-2020.

Breidde og tematiske forskingsgrupper

Strategien seier at det skal vere stor takhøgd for ulike forskingstema i HF, og det skal leggast til rette for  breidde i HF si forskingsverksemd. Det skal vere tilgjengeleg forskingsmidlar i HF til opne utlysingar. Samstundes ønskjer HF å utvikle strategiske forskingssatsingar som vert organisert som tematiske forskingsgrupper. Ei tematisk forskingsgruppe har ulike forskingsprosjekt under ein felles tematisk paraply. Gruppa skal vere tverrfagleg og relevant for tilsette ved ulike klinikkar.

Frå 2014 vil det vere to strategiske tematiske forskingsgrupper i HF, Folkehelse, livsstil og overvekt og Psykisk helse og rus. Desse er innanfor nasjonale og regionale satsingar og byggjer vidare på miljø som har vist gode kvalitetar gjennom ekstern finansiering.  Nye prosjekt og miljø kan i strategiperioden utviklast til nye tematiske forskingsgrupper.

Ressursar

Innan 2020 skal 1% av totalbudsjettet i HF nyttast til forsking. Midlar skal nyttast både til frikjøp/stipend,  driftsmidlar, forskingsstøtte og infrastruktur.

Innovasjon

HFD skal styrke kompetanse og fokus på innovasjon. HFD skal etablere lågterskel infrastruktur som fangar opp og støttar gode framlegg frå idéstadiet til gjennomføring.

Link til styresaka: http://www.helse-forde.no/aktuelt/nyheter/Sider/styremote-13122013.aspx (Sak 087/2013 A)

Intern utlysing av FoU-midlar ved HiSF og HF

Både HF og HiSF vil med det første lyse ut interne FoU-midlar. I HF vert det også lyst ut masterstipend.

Start gjerne arbeid med å utvikle eller vidareutvikle prosjektet ditt no!

Meir informasjon:

HiSF, AHF: ragna.lillevik@hisf.no

HF: lars.petter.jevnaker@helse-forde.no

Welcome to beautiful Balestrand!

The 2nd Balestrand obesity conference will take place on June 18th-20th 2014, by the incredibly scenic Sognefjord in Balestrand. This year’s theme is «The complexity of obesity: Scandinavian perspectives». Read more

Velkommen til Balestrandkonferansen 2014

Den første Balestrandkonferansen i 2012 ble en suksess. Til sommeren arrangeres den andre, med tema «The complexity of obesity: Scandinavian perspectives».

Balestrand is the beautiful home to our 2nd international obesity conference

Fedmemiljøet ved Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane trekker i sine beste tråder når de nå arrangerer sin andre internasjonale forskningskonferanse i Balestrand. Forskere fra USA, Storbritannia, Danmark, Sverige og Norge setter denne gangen fokus på kompleksiteten i fedmefenomenet fra sine respektive perspektiver.

– Det er behov for denne konferansen fordi fedme er et komplekst problem, som ikke har enkle løsninger, mener arrangørene i forskningsgruppen «Folkehelse og fedme«. Programmet for konferansen er allerede klart og byr på mange spennende muligheter for oppdatering på det siste innen forskningsfronten, diskusjon og nettverksbygging.

Konferansen arrangeres i Balestrand i Sogn og Fjordane 18.-20. juni 2014.

Les mer på konferansens hjemmesider http://www.complexobesity.net/.

Store forskjellar innan oppfølginga av slagråka

Lærer du deg å stå og gå igjen etter eit hjerneslag? Oppfølginga du får, kan bli avgjerande for dette – og variasjonane mellom kommunane er store, ifølge Martin Roland Hansen ved Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde.

Martin Roland Hansen har forska på oppfølging av slagråka i kommunane

Martin Roland Hansen var tolv år gammal då far hans vart råka av hjerneslag. Frå ein dag til den neste vart verda til familien hans i Odense snudd opp ned. Faren hadde jobba som skipsarbeidar. Guten hadde vore stolt av den sterke faren sin, som kunne forme metall med flammer og vere med på å byggje store fartøy som skulle sigle på verdshava.

Så hadde han med eitt ein far som var lamma i halve kroppen, avhengig av rullestol, og med det mentale nivået til ein tolvåring.

– Du kan jo tenkje deg – ein tolvårig gut med ein far som var tolvåring i hovudet. Det gjekk ikkje spesielt bra, seier Hansen.

– Som å trille terning

No, kring tretti år seinare, er det likevel mora sin situasjon han tenkjer mest på, når han ser tilbake: Korleis ho måtte agere som både mor og far. Korleis ho måtte sy saman ein trong økonomi – noko ho greidde utan at barna kjende dei mangla noko. Og korleis ho måtte slåss med systemet for nærast alt familien trong av hjelp.

– Ho brukte så godt som all energien sin på det. Ho fekk hjelp til slikt som telefonrekninga – men ho burde ha fått hjelp til å leve eit skikkeleg liv, meiner Hansen – i dag tilsett ved Lærings- og meistringssenteret i Helse Førde HF som rehabiliteringssjukepleiar i ambulant rehabiliteringsteam. Han fungerer også som koordinerande eining for habilitering og rehabilitering, med ansvar for å sikre koordinerte tenester til dei som treng det. Tidlegare i år fullførte han mastergraden sin innan organisasjon og leiing ved HiSF.

Systemet: vanlegvis er dette eit ord som blir brukt med negativt forteikn, slik som i omgrepet ”å slåss med systemet”. Sidan har Hansen fått auga opp for at systemet like godt kan vere den beste hjelpen for pasienten og dei pårørande – viss det fungerer som det skal.

Organiseringa og leiinga av rehabiliteringsarbeidet i kommunane speler ei avgjerande rolle for dei som er råka av hjerneslag, og familiane deira – det har vore teorien til Martin Roland Hansen i masteroppgåva hans innan organisasjon og leiing, ”På jakt etter god praksis – om iverksetting av faglege retningsliner i kommunen.” I studien har han undersøkt føresetnader for å lykkast med rehabilitering, basert på dei nasjonale retningslinene for slagrehabilitering.

Hansen har teke føre seg rehabiliteringa av slagråka i dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane. Spesielt har han konsentrert seg om å samanlikne to av dei. Han fann store forskjellar.

– Å få slag her i fylket, det er litt som å trille terning. Er du heldig og bur i ein kommune der rehabiliteringsarbeidet har prioritet og god organisering, vil du få eit heilt anna tilbod enn om du bur i ein kommune der det er låg kunnskap om rehabilitering. Tilgangen på fagpersonar innan ulike felt varierer også sterkt.

Pleie kontra rehabilitering

Tenk deg at du har vore råka av slag. Tenk deg at du halvvegs ligg bakover i ein stol, beina strekt fram, den eine armen bøygd inntil kroppen med knekk i handleddet, slik ein ofte ser på slagråka. Auga er igjen. Korleis skal du komme deg opp og stå?

Utgangspunktet er umogleg – tyngdekrafta, mørket og kroppsstillinga jobbar mot deg. Hos ein frisk person er rørslene som skal til for å reise seg, automatiske: Du flyttar beina nærmare kroppen, opnar auga, lener deg fram og pressar kanskje hendene mot knea. Så er du oppe.

Men er du slagråka, har du ofte gløymt kva som skal til. Nokon må hjelpe deg å hugse dei gamle rørslemønstera som tidlegare låg innebygde i deg. Denne nokon må vite ein heil del om kroppens naturlege rørslemønster – og dermed, kva som skal til for å lære deg å stå igjen.

For ein sjukepleiar utan utdanning eller erfaring innan rehabilitering, vil impulsen ofte vere å yte passiviserande pleie. Difor vil han hjelpe deg med å stå, gjerne ved å hale deg opp og fram med eigne krefter, seier Hansen:

– Langt færre vil forstå korleis dei skal leggje til rette for at du skal kunne komme opp og å stå med eigne krefter – sette hendene dine i rett posisjon, overkroppen i rett posisjon, beina i rett posisjon, minne deg om kva du må gjere.

”Leggje til rette” – dette omgrepet brukar Hansen mykje i skildringa av det han ser som vellykka oppfølging av hjerneslag. Sjansen for ein god rehabilitering, kjem an på kva ressursar som finst både i og kring pasienten – og i kva grad desse får utfalde seg.

Byggje på draumen

Martin Roland Hansen har jobba innan feltet rehabilitering sidan han var 19 år gammal, først i Danmark, sidan i Norge. Han starta som heimehjelpar, har sidan utdanna seg vidare til sjukepleiar, og jobba innanfor fleire roller i helsevesenet. No er han del av eit ambulant rehabiliteringsteam som er bindeledd mellom Helse Førde og kommunane, der han mellom anna rettleiar og underviser personalet både i kommunane og på sjukehuset.

For han er det ei drivkraft som må stå i sentrum for rehabiliteringsarbeidet: draumen til pasienten. Det kan vere draumen om å stå og gå igjen. Det kan vere draumen om å komme seg tilbake på jobb. Å kunne lese ei bok, å kunne klare seg sjølv i heimen, å dyrke hobbyen sin som skiløpar eller saksofonist. Noko å sjå fram til: Det er motoren i alt det harde arbeidet som må til for å rehabilitere seg.

Det Hansen har forska spesielt på, er kva strukturar som trengst kring pasienten for at han skal kunne jobbe mot denne draumen. Organisering, kommunikasjon og utdanna fagpersonar er tre nøkkelord.

Kommunane som er best på rehabilitering, ifølgje Hansen sin studie, har faste, tverrfaglege team med eit overordna ansvar for rehabiliteringstilbodet i kommunen. Desse teama har ein leiar med utdanning innan rehabilitering – og helst skal fleire av fagfolka ha dette også. I tillegg treng kommunen tverrfaglege team som utfører rehabiliteringsarbeidet, og er sett saman frå sak til sak utifrå behova til den enkelte pasienten.

Den tverrfaglege gruppa bør bestå av lege, sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut og eventuelt, logoped og sosionom. Alle desse får innsikt i pasientens individuelle plan – arbeidsplanen for rehabiliteringa. Dei møtest fast og dei kommuniserer godt på tvers av faggruppene sine. Det er nettopp evna til samspel mellom mange ulike faggrupper som kjenneteiknar godt arbeid innanfor rehabilitering, understrekar Hansen.

Han oppdaga at legar og sosionomar sjeldan vart inkluderte i rehabiliteringa av slagpasientar. Dette er ein stor svakheit, meiner han. Medan fastlegen er avgjerande for å ta vare på djupnekunnskapen om pasienten, skal sosionomen syte for at dei grunnleggjande tinga i livet er på plass – huset, pengane til familien, pensjonen, og anna.

– Berre då kan pasienten og dei pårørande konsentrere seg fullt ut om rehabiliteringsarbeidet, seier Hansen.

Den vanskelege samhandlinga

Øyvind Glosvik, dosent i administrasjon og organisasjonsfag, er ein av dei som leiar ”Master i organisasjon og leiing, med spesialisering i helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing”, under Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Han meiner forskinga til Martin Roland Hansen er eit godt døme på korleis små kunnskapsbitar kan få store konsekvensar for arbeidet som gjerast i kommunane.

– Hansen viser kor langt ein kan komme med utdanning av kommunale leiarar innanfor rehabilitering, og betre organisering av tenesta. Difor er det viktig at slike funn vert kjende, meiner han.

– Deltakarane i masterstudiet kjem alle frå offentleg sektor, og undersøkjer sider ved det der dei sjølve har sett utfordringar. Det dei kjem fram til, har stor verdi i det praktiske arbeidslivet – ikkje minst fordi dei sjølve følgjer det opp i arbeidet sitt.

Rettleiar for masteroppgåva, Einar Hovlid ved Avdeling for samfunnsfag, er oppteken av dei store variasjonane Hansen har funne i kommunane når det gjeld oppfølging av slagråka. I og med at dette er ei stor og aukande pasientgruppe – kring 15.000 blir råka i Noreg kvart år – viser studien at dette er noko som kommunane må arbeide vidare med.

– Vi har ikkje målt utfallet av ulikskapane i behandlinga. Men det er nærliggjande å tru at det kan vere ein samanheng mellom ulikskapane i tilgjengeleg kompetanse og ressursar og kor godt pasienten blir rehabilitert, seier Hovlid.

Sjølv har Martin Roland Hansen godt håp om at små endringar i kommunane kan gje store kvalitetsforbetringar.

– Slagråka personar er ei pasientgruppe som krev lite, og som har få sterke talspersonar i høve til andre grupper. Difor er det ekstra viktig å få fram kva som skal til for å hjelpe dei til eit verdig liv.

Av Katrine Sele

Overvektige har god effekt av trening – om dei orkar

Ein auke i fysisk aktivitet har svært positive helseeffektar for sjukleg overvektige personar. Men det er få av dei som klarer det, viser forskinga til Eivind Aadland.

Eivind Aadland har disputert for sin doktorgrad i desember

– Mange pasientar opplevde at trening hadde lite å seie for vektreduksjon. Men målingane viser at dei likevel kan ha store positive helseeffektar av fysisk aktivitet – effektar som motverkar helserisikoen ved fedme, seier Eivind Aadland ved Avdeling for helsefag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.Nyleg publiserte han to artiklar i doktorgraden i tidsskrifta Clinical Obesity og Journal of Rehabilitation Medicine, der han tek føre seg funna han har gjort ved å teste og følgje opp pasientar ved Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler i Sogn og Fjordane gjennom eitt år. Tysdag 3. desember disputerte han for doktorgraden ved Norges idrettshøgskole.

Skeptiske kirurgar

Resultata av dei to studiane viser at fysisk aktivitet kan medføre helsegevinstar om ein går ned i vekt eller ikkje. Hittil har livsstilsintervensjon generelt vore sett på som lite effektivt for denne pasientgruppa. Kirurgi er einaste løysinga for dei aller tyngste blant oss, blir det hevda av fleire som jobbar med problematikken, særleg innan dei kirurgiske miljøa. Mange er såpass store at rådet om å røre meir på seg, blir uoverstigeleg.

Overlege Villy Våge ved Helse Førde, som har jobba med fedmeoperasjonar sidan 2001, er ein av dei som har vore kritisk til at spesialisthelsetenesta skal utføre livsstilsbehandling av denne pasientgruppa. Han peikar på at dei fleste er såpass plaga av overvekta si at dei ikkje klarer å endre aktivitetsnivå – mellom anna fordi dei oftast slit med slitasjeplagar.

– Gruppa på Haugland er veldig selektert, for dei høyrer til eit mindretal som er motiverte for og har føresetnader for å auke aktivitetsnivået, seier Våge.

– I utgangspunktet viser all forsking på livsstilsintervensjon frå dei siste hundre åra at pasientane kan klare å gå litt ned i vekt – men at dei i nærast alle tilfelle vil gå opp igjen. Så finst det sjølvsagt andre gunstige effektar av fysisk aktivitet, men det er svært få som klarer å gjennomføre og oppretthalde endringar.

Eivind Aadland ser likevel grunn til å slå eit slag for fysisk aktivitet, etter å ha sett resultata av studiane sine.

– Eg trur det er bra å vise at fysisk aktivitet og livsstilsendring faktisk nyttar. Vi treng å vite dette. Eg trur effekten av fysisk aktivitet har vore underestimert hittil.

– Men er det ikkje nedslåande for fedmeforskarar å sjå at så få av desse pasientane klarer å leggje om?

– Jo, men vi kan ikkje tenkje slik, meiner Aadland.

– Fedmekirurgi er eit stort inngrep, og mange pasientar ønskjer heller livsstilsbehandling. Vi har vist at trening verkar. Det er eit viktig utgangspunkt for å velje kva behandling ein vil gjennomføre – men ein må vere førebudd på at livsstilsbehandling er veldig krevjande.

Presise målingar av aktivitetsnivå

Grunnen til at mange opplever dårleg effekt av trening, er at dei ikkje greier å endre aktivitetsnivå. Difor har ikkje forskarane visst kva som ville skje om dei faktisk gjorde det. Det ville Aadland finne ut av. For han vart det avgjerande å gjennomføre presise målingar av aktivitetsnivået til deltakarane. I tidlegare studiar har aktivitetsnivå ikkje vore målt i det heile, eller berre gjennom spørjeskjema – pasientane har sjølve måtta gjere greie for kor mykje dei har rørt på seg over tid.

– Slikt er jo ikkje akkurat lett å vurdere sjølv. Difor blei desse studiane svært upresise, seier Aadland.

Han løyste problemet med presisjon ved å måle deltakarane sitt fysiske aktivitetsnivå over lengre tidsperiodar ved hjelp av akselerometer – eit lite måleinstrument festa i eit belte kring magen. Det fungerer som ein avansert skritteljar, og måler alle rørslene til den som har den på seg. Han er blant dei første som bruker denne metoden i fedmeforsking på dei aller tyngste.

Merkbar framgang

I studiane sine følgde han 49 pasientar frå 2010-2011, og testa dei undervegs i behandlinga. Pasientane hadde eit seks veker langt opphald på Hauglandsenteret, følgd av ein heimeperiode. Så var dei tilbake i to tre-vekers periodar, med heimeperiodar innimellom. Både i periodane på senteret og heime bar dei akselerometer på seg. På senteret fekk dei ei behandling basert på kognitiv terapi, kosthaldsrettleiing og fysisk aktivitet.

For å måle fysisk form, såg Aadland på prestasjon og oksygenopptak medan pasientane gjekk på tredemølle. Belastninga vart gradvis auka, og testen haldt fram til pasienten ikkje orka meir – på same måte som ein testar toppidrettsutøvarar.

– Gruppa som heilskap fekk ikkje stor framgang – fordi dei hadde så vanskeleg for å leggje om livsstilen. Men dei få som klarte å auke aktivitetsnivået sitt, fekk merkbar framgang i fysisk form, sjølv om dei gjekk lite ned i vekt, fortel Aadland.

I den andre studien sin såg Aadland på samanhengen mellom fysisk aktivitet og kolesterolnivå. Også her var målemetodane meir presise enn i vanlege kolesterolmålingar. Pasientane gav blodprøvar som vart sende til Finland for direkte måling av nivået på lipoproteinar, ein meir presis måling enn kva som vanlegvis blir gjort.

Også her var resultata svært positive hos dei som klarte å gjere livsstilsendringar: Kolesterolnivået gjekk vesentleg ned.

Og så då?

Kva betyr desse resultata for behandlinga av sjukleg overvekt? Dette blir eitt av spørsmåla Eivind Aadland nok må svare på når han disputerer for doktorgraden sin 3. desember på Norges idrettshøgskole. Han synst det er eit vanskeleg spørsmål, og har ingen bastante løysingar.

– Problemet med fedme er at folk har ein genetisk kode som disponerer dei for det. Så dei må kjempe mot sine eigne genar for å gå ned i vekt, og det er ein utruleg tung kamp, seier Aadland.

Dei to artiklane om studiane hans kan du lese her:

www.nih.no/forskningsprosjekter-ved-nih/fysisk-aktivitet-og-helse/Overvekt/fysisk-aktivitet-aerob-fysisk-form-kroppssamansetnad-og-lipoproteiner-hja-personar-med-sjukleg-overvekt-som-deltek-i-ein-livsstilsintervensjon/

Av Katrine Sele

Studentarbeid når ut til fleire

Fleire av studentane ved vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge har skrive artiklar etter å ha gjennomført prosjektoppgåver ved HiSF.

Empty classroom, Creative Commons: Melinda Shelton, 2010

Studentane Jannica Myrmel-Isaksen, Anita Lie Follevåg og Dina Follevåg har kartlagt kor nøgde ungdomane er med livet sitt, og kven dei har som samtalepartnar når det oppstår vanskar eller tunge tankar i kvardagen. I undersøkinga seier alle ungdomane at dei heilt eller delvis har eit godt liv. Likevel skårar jentene høgt på negative faktorar, og heile 15 prosent av gutane har tankar om å ta sitt eige liv. Artikkelen er publisert av Utdanningsnytt.no. Du kan lese den her

Studentane Randi Midtgård, Hanne Hestetun og Cathrin Trollebø har gjennomført ei kartlegging der dei ser på samanhengen mellom høgt skulefråvær og psykisk helse i ungdomsskulen. Dei stiller seg spørsmål ved om lærarane har det for travelt til å sjå at nokre elevar har høgt fråvær med bakgrunn i psykiske vanskar. Artikkelen vart publisert av Voksne for barn (vfb.no). Du kan lese den i sin heilskap her.

Ubehaget i eldreomsorga

Å tørke spyttklyser utan å kny, å smile sjølv om nokon skjerer tenner så det kvin: Forskar Anne Marie Sandvoll har teke føre seg sider av pleiearbeidet som ein helst ikkje snakkar om.

Det står ikkje noko særleg om det i lærebøker om sjukepleie. Det blir lite omsnakka i samfunnet generelt. Sjølv blant pleiarane er det eit tema som i stor grad er tabulagt: skitt, kroppsvæsker på avvegar, upassande åtferd og andre pinlege eller uappetittlege sider ved det å jobbe på ein sjukeheim.

– Dette er ting som det berre blir forventa at pleiarane ordnar opp i. Kjenslene og handlemåtane deira kring det ubehagelege er lite forska på, og lite påakta. Difor ønskte eg å sjå nærare på det, seier Anne Marie Sandvoll, ph.d.-kandidat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Avdeling for Helsefag.

Fredag 6. desember disputerte ho for doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Tittelen på avhandlinga er: ”Vi berre gjer det” – beskrivingar av skjult pleiepraksis i sjukeheim.

Mannen som kledde seg naken

Våren 2009, på ein sjukeheim i Sogn og Fjordane: Ein eldre mann sit aleine på kjøkkenet, medan pleiarar går fram og tilbake mellom kjøkkenet og romma. Det er føremiddag, mannen er nydusja og påkledd, og skal om kort tid få servert lunsj i lag med dei andre. Pleiarane har avslutta morgonstellet av alle bebuarane, og er i ferd med å servere saft og frukt på romma.

Så byrjar mannen å kle av seg. Eitt for eitt fell plagga til kjøkkengolvet. Ein pleiar oppdagar kva som skjer, og kjem springande til: ”Nei, nei, ikkje gjer det!” seier ho, men han høyrer ikkje etter. Fleire kjem til og vil stoppe han. Så tissar han, midt på kjøkkengolvet, og held fram med å kle av seg.

Snart er det fire-fem pleiarar rundt mannen, men han viftar dei vekk. Pleiarane er opprådde – klarer ikkje anna enn å stå og sjå på han. Til slutt står han naken framfor dei.

I nokre minutt er kaoset komplett, og det er ei kjensle av panikk blant alle i rommet. Mannen klarer ikkje å seie kva han vil, og pleiarane klarer ikkje å handle. Men så går ein og hentar nye klede til mannen, og ein annan tørkar golvet. Umerkeleg snur situasjonen. Mannen roar seg, får på seg nye klede og verkar tilfreds. Fred og orden er oppretta på ny, og dagen kan halde fram.

Under seks månader med feltarbeid på to ulike sjukeheimar, var dette den einaste situasjonen Sandvoll var vitne til der pleiarane synleg mista fatninga.

– Hendinga blei ein del av avhandlinga mi, for den reiste viktige spørsmål: Kvifor blei det så vanskeleg for pleiarane nett då? Elles ordnar dei jo opp heile tida i uventa situasjonar, anten det gjeld oppkast, astmaanfall eller avføring på feil plass. Slikt handterer dei vanlegvis heilt fint.

Elegansen i pleiekulturen

Nett i den situasjonen vart det for mykje for dei, kom ho fram til. ”The Double Embarassement” vart tittelen på artikkelen som Sandvoll sidan publiserte i International Journal of Nursing Practice. Ein naken kropp kan pleiaren fint hanskast med – bak eit skjermbrett på rommet, eller på badet. Tiss på golvet er også råd å takle, når det skjer bak lukka dører.

Problemet var at det skjedde på heilt feil plass, midt i eit fellesrom med store vindauge, utan skjermbrett. Eit rom der pårørande eller andre bebuarar når som helst kunne komme inn – til alt overmål også eit kjøkken, der tissing og naken kropp blir ekstra upassande. Slik vart situasjonen dobbelt pinleg.

– Det var vanskeleg å skulle skildre episoden. Eg ville ikkje kritisere pleiarane eller framstille dei som klønete – men vise kor krevjande dette faktisk var for dei tilsette, seier Sandvoll.

Den nakne mannen på kjøkkenet var ein ekstrem variant av slikt som pleiarane er oppøvde til å takle i det stille, utan å gjere noko nummer ut av det. Gjennom feltarbeidet sitt vart Sandvoll djupt imponert over korleis pleiarane gjennom erfaring hadde utvikla ei evne som gjorde pinlege situasjonar til å bere.

Det ubehagelege blei gjerne meistra ved det sjukepleieforskaren Jocalyn Lawler kallar minifismer, såg Sandvoll. Minifismer blir brukte for å avgrense situasjonen, gjere den mindre eller definere situasjonen som ikkje noko å bry seg om. Ho hugsar ein mann som gjekk nedover gangen på sjukeheimen med tung bleie hengjande ned inni buksa, som på eit småborn. Då kom ein pleiar opp bak han, strauk han lett over ryggen og sa: ”Skal ikkje du og eg ta oss ein liten tur på rommet ditt?”

– Gang på gang vart eg imponert over kor elegant pleiarane takla ting. Alt dei gjorde utan at det stod nokon plass – alt dei gjorde så fint og riktig.

Intuitive handlingar

Eigentleg var det noko heilt anna Sandvoll hadde tenkt å forske på, då ho starta doktorgradsarbeidet sitt i 2008. Gjennom langvarig feltarbeid på to sjukeheimar i Sogn og Fjordane observerte ho pleiarar i den daglege praksisen deira, med fokus på det nære møtet mellom pleiar og bebuar. Tanken var å undersøkje i kva grad kvalitetsforskrifta for sjukeheimar vart følgd opp. Særleg var ho oppteken av tema som medverknad og verdigheit.

Det skulle vise seg at kvalitetsforskrifta var noko som pleiarane flest korkje kjende til eller brydde seg om. Arbeidet deira var langt meir intuitivt, og lite prega av forskrifter eller retningslinjer. Men rutinar var viktige for dei. Sandvoll tolka funna i lys av Bourdieu sin teori om habitus. Den går ut på at praktisk handling er lite styrt av teori eller regelsystem, men derimot av den praktiske sansen, som er oppfinnsam, vanskeleg å føresjå og improviserande.

”Eit anna spor eg såg var ein slags automatikk i pleiarane sine bevegelsar. Dei såg ut til å bevege seg ut og inn av romma nærast automatisk, og det såg ut til at dei alltid visste kva dei skulle gjere,” skriv Sandvoll i avhandlinga.

Når ho spurde dei ”korleis har det at du gjer det slik?” svara dei ofte at ”eg berre gjer det”. Og om dei blei spurt ”korleis veit du kva den enkelte ønskjer” svara dei at ”eg berre veit det”.

Upopulært tema

I feltarbeidet brukte Sandvoll 45 informantar. Etter kvart vart ho meir og meir oppteken av alt det usagte – arbeidet som ingen snakka om. Alt det som vart forbunde med ei eller anna form for ubehag. Det pressa seg fram, for ho såg kor sentralt det var for pleiarane sjølve. Samfunnet beskriv seg sjølv heile tida, men aldri fullt ut, reflekterer Sandvoll i avhandlinga si – og då blir det ei oppgåve for samfunnsforskarar å avdekke det skjulte arbeidet.

– Det hadde vore mykje hyggelegare å skrive om behovet for aktivitetar, song og musikk. Sånt synst alle det er greitt å høyre om. Men det eg skriv om, blir av mange oppfatta som ekkelt, noko dei helst ikkje vil høyre om, seier Sandvoll.

Det tok lang tid å få pleiarane til å snakke om det ubehagelege. Å erkjenne at dei kunne tenkje at noko var ekkelt eller fråstøytande kring pleiearbeidet, sat langt inne. Dei er opplærde til å oversjå det, tole det, ikkje snakke om det.

Undervegs i arbeidet med doktorgraden, har ho opplevd å få sterke reaksjonar – både på manusutkast og presentasjonar. Fagfeller og andre i pleiesektoren har reagert på at ho tek føre seg desse sidene av yrket. Nokre har meint det var stigmatiserande, andre at ho skremmer folk vekk frå ein sektor som sårt treng meir arbeidskraft.

– Mange gonger har eg blitt fortvila, for det kjentest så viktig å fortelje om, men samstundes, så vanskeleg. Eg har tvilt mykje, seier Sandvoll.

No, etter mykje jobbing med orda kring temaet, kjenner ho seg trygg på at det er rett å løfte temaet fram i lyset. Det er ei anerkjenning av kompleksiteten ved pleieoppgåva, meiner ho.

– Det ligg eit tolmod i det, og noko usagt, som eg beundrar veldig. Eg tenkjer at det er godt for pleiarar å få vite at det er normalt å tenkje at nokre ting er ekle. Det skal vere lov å snakke om det som er ubehageleg – og at dei i handteringa av desse tinga, gjer ein viktig og vanskeleg jobb.

Av Katrine Sele