I starten var ho den einaste stomisjukepleiaren i regionen. No utviklar ho verdas første tilbakemeldingssystem for stomiopererte

Kirsten Lerum Indrebø utviklar ein ny metode for måling av meistring, helse og livskvalitet for stomiopererte. Dette skal gjere konsultasjonar betre for pasientar og sjukepleiarar.

– Pasientane er veldig nøgde og seier at systemet gjer at dei kan ta opp ting dei ikkje visste dei kunne snakke om eller som er vanskeleg å få fram.

Det seier Kirsten Lerum Indrebø, stomi- og kontinenssjukepleiar i Helse Førde og stipendiat ved Høgskulen på Vestlandet.

Som ein del av doktorgradsprosjektet hennar, utviklar ho ein ny metode for å følgje opp stomiopererte. Før time i poliklinikk får pasienten tilsendt ei lenke til eit elektronisk spørjeskjema i eit klinisk tilbakemeldingssystem, som er digitale verktøy der pasientar gir informasjon som kan nyttast i behandlinga.

– Her svarar dei på kor stor utfordring dei opplever innanfor ulike tema. Sjukepleiaren kan sjå svara før timen og nytte dei som støtte i samtalen med pasienten, seier ho.

I etterkant kan pasienten gje tilbakemelding om korleis dei opplevde konsultasjonen.

Betre persontilpassa rettleiing
– Hensikta er å få pasienten si stemme betre fram og at tema som lett kan bli oversett av sjukepleiarane eller underrapportert frå pasienten blir sett på dagsorden. Det pasienten rapporterer som viktigast blir dermed diskutert først i konsultasjonen, fortel Indrebø.

Dette gir betre persontilpassa rettleiing og betre meistring for dei som lever med stomi.

Sjukepleiarane får eit meir presist innblikk i kva pasienten sine utfordringar er og kan dermed rettleie pasienten betre.

– Ein får òg fram data som kan brukast til forsking. Dette kan vere aktuelt for til dømes studentar som skal ta mastergrad i stomi- og kontinens-sjukepleie, seier ho.

Indrebø fortel at sjukepleiarane får eit meir presist innblikk i kva pasienten sine utfordringar er og kan dermed rettleie pasienten betre.

Første i verda
Ideen til systemet har kome gradvis medan ho har jobba som stomisjukepleiar.

– Vi sakna eit instrument som kunne gi pasienten endå betre nytte av konsultasjonane, så har vegen blitt til undervegs, fortel ho.

Tidlegare har ein berre brukt slike skjema innan forsking. Metoden ho utviklar er det første i verda som er aktivt i bruk i sjølve pasientbehandlinga innan stomiomsorg. Systemet er eit liknande konsept som tilbakemeldingssystemet Norse, som også har utspring i Helse Førde.

Arbeidet med å innføre systemet starta hausten 2017 då dei begynte å bruke spørjeskjema for alle stomiopererte som gjekk i poliklinisk oppfølging på Førde sentralsjukehus.

Stor interesse
Indrebø fortel at det er stor interesse for å implementere systemet i resten av Helse Vest. Til dette arbeidet har prosjektet søkt Helse Vest sine innovasjonsmidlar.

– Det vi gjer i Førde er ei pilotutprøving for å gjere konseptet betre. Vi gjer testar og ser om spørjeskjemaa fungerer slik som vi har tenkt, seier ho.

Ambisjonen lengre fram i tid er å få systemet bredda til heile Norge, noko som vil vere til god hjelp for dei om lag 20 000 i Noreg med ulike former for uro- eller tarmstomi.

Første stomi-sjukepleiaren i Sogn og Fjordane
Indrebø var ferdig utdanna sjukepleiar i 1982 og har lang klinisk erfaring, hovudsakleg frå kirurgisk avdeling på Førde sentralsjukehus, der ho også var avdelingssjukepleier i sju år.

I 1998 starta ho opp stomiklinikk ved Førde Medikal, og i 2000 starta ho opp Stomiklinikken ved Kirurgisk poliklinikk på sjukehuset. Ho har vore ein pådrivar for å bygge opp fagmiljøet der.

– Stomiklinikken har vakse og utvikla seg frå då eg var der ein dag i veka, til at vi no er tre sjukepleiarar som kvar av oss arbeider 1-3 dagar per veke. Sidan eg i mange år var den einaste i Sogn og Fjordane med denne utdanninga, så har eg heile vegen vore opptatt av å halde meg oppdatert og vidareutdanne meg, fortel ho.

Ho har teke vidareutdanningar i lindrande behandling, rettleiing av studentar og i stomisjukepleie. I tillegg har ho master i sjukepleievitskap ved UiB.

– Kirurgisk avdeling si velvilje opp gjennom åra til å støtte meg økonomisk og gi meg permisjon til fagleg oppdatering har vore særs viktig, seier ho.

Her er døme på informasjon stomi- og kontinenssjukepleiarane får opp på skjermen sin.


Finansiert av Norsk Sjukepleiarforbund.
Doktorgradsprosjektet er finanisert av Norsk Sjukepleiarforbund. Dei deler ut få stipend, så å få stipend herfrå heng høgt. Indrebø var ein av 14 søkarar og var den einaste som fekk tilslag.

– Doktorgradsprosjektet har to delar. Det eine går ut på å implementere systemet i klinikken og det andre er å forske på om kvaliteten på spørjeskjemaa er gode nok, seier ho.

Så langt har ho og medforfattarar publisert fire forskingsartiklar i samband med prosjektet, som er rettleia av John Roger Andersen, professor i sjukepleievitskap ved Høgskulen på Vestlandet og forskingskoordinator i Helse Førde.

– Forskings- og innovasjonsavdelinga og John Roger har hatt ei viktig rolle i dette arbeidet. Utan dette samarbeidet hadde nok ikkje dette prosjektet vore starta, seier Indrebø.

Marit Solheim, forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane, meiner dette er eit viktig prosjekt.

–  Kirsten har hatt og har stor betyding for å byggje gode tenester til pasientgruppa og for stomisjukepleiemiljøet, både her i regionen og nasjonalt. Prosjektet hennar inneber både forsking og innovasjon, og er forbilledleg med tanke på å kunne utvikle og implementere kunnskapsbasert praksis, seier Solheim.

Aktiv i fagmiljøet
Indrebø har i mange år vore særs aktiv i fagmiljøet innan stomi- og kontinenssjukepleie.

– Stomi- og kontinenssjukepleiarar, spesielt i Helse Vest-regionen, har vore viktige diskusjonspartar gjennom mange år, seier ho.

Ho har vore leiar for Norsk Sjukepleiarforbund si nasjonale faggruppe av sjukepleiarar i stomiomsorg, og er òg medforfattar for det elektroniske prosedyreverket (VAR Healthcare) for stomi og til dels også for gastrostomi. I tillegg har ho vore med på å utvikle anbefalinga for oppfølging av stomiopererte i Noreg, som var publisert i 2020 og som no blir omsett til engelsk og kjem ut internasjonalt.

Ho har lenge vore involvert i undervisning for vidareutdanninga til stomi- og kontinenssjukepleiarar, og har vore medforfattar på fleire lærebøker og informasjonsmateriell om stomi og inkontinens.

I 2017 vart ho tildelt Helse Førde sin Kvalitetspris for arbeidet hennar med forbetring av kvaliteten på tenestene til stomiopererte pasientar.

Doktorgradsprosjektet skal vere ferdig i løpet av 2022.

 

 

Er du tilsett i Helse Førde og er interessert i å forske? Då kan du ta kontakt med Seksjon for forsking og innovasjon. Sjå også framgangsmåte for forsking i Helse Førde. Er du tilsett på Høgskulen? Ta kontakt med forskingsgruppeleiar eller din leiar.

 

Har du ein idé til innovasjon? Då kan du sende inn idéen til idémottaket. Du kan også ta kontakt med Gro Rukan, tlf: 91321392.

Ny forsking: Kognitiv åtferdsterapi for barn og ungdom med åtferdsforstyrring og ADHD effektiv i vanleg behandling

Ein ny meta-analyse viser at terapiforma har stor effekt i vanleg behandling, at dei aller fleste fullførte behandlinga, og at terapiforma var like effektiv i vanleg behandling som under behandling i forskingsprosjekt.

–  Resultata er oppløftande og viser også at behandlinga er effektiv uavhengig av om den skjer individuelt eller i gruppe. I tillegg fann vi at den er effektiv både om det er barna, deira foreldre, eller begge som deltek, og med ulik grad av involvering frå foreldre.

Det seier Eili N. Riise, PhD og psykologspesialist i Helse Førde.

Saman med Gro Janne H. Wergeland, Urdur Njardvik og Lars-Göran Öst står ho bak ein meta-analyse publisert i Clinical Psychology Review. Der undersøker dei effektiviteten av kognitiv åtferdsterapeutiske (KAT) behandlingsprogram for ADHD og åtferdsforstyrring (CD og ODD) hjå barn og ungdom i vanleg poliklinisk behandling.

– KAT-behandling som har vist seg å vere effektiv inkluderer program for foreldre og lærarar og program som jobbar med barn si evne til sjølvkontroll og problemløysing, seier Riise.

Effekt i vanleg behandling
Mesteparten av forskinga på behandlingsmetodane og mesteparten av belegget for at dei fungerer mot desse lidingane kjem frå studiar frå spesialiserte forskingsmiljø. Der undersøker ein kor effektive behandlingane er under «ideelle» omstende.

I desse studiane er det strenge metodiske prosedyrar og strenge kriterium for kven som kan vere med i behandlinga. Terapeutane er ekspertar på behandlingsmetoden og kan bruke mykje tid på å behandle akkurat desse lidingane. Pasientar som har andre diagnosar i tillegg, som for eksempel depresjon, vert vanlegvis ikkje tekne med i slike forskingsprosjekt. I tillegg vert pasientane vanlegvis rekruttert gjennom annonser.

Dette skil seg frå behandling i det verkelege liv på mange måtar. På grunn av desse forskjellane, har det vore usikkert om den store effekten ein ser ved behandling av desse lidingane med kognitiv åtferdsterapi under «ideelle» omstende også er til stede ved vanleg behandling.

Derfor har Riise og medforfattarane undersøkt 51 studiar som nettopp undersøker kor effektiv terapiforma er i vanleg behandling i poliklinikk, der behandlarane har mange pasientar og behandlar mange forskjellige type lidingar. I tillegg blei barn og unge i desse studiane tilvist til den aktuelle klinikken på vanleg måte, det vil seie at dei ikkje blei rekruttert til eit forskingsprosjekt. Behandlarane var mellom anna psykologar og sosialarbeidarar.

Like god effekt
Etter å ha samanlikna resultata frå begge typar studiar, finn dei at behandlinga er like effektiv i «den verkelege verda» som i studiane der behandling blei gitt under ideelle omstende.

– Funna frå vår metaanalyse syner at det er god grunn til å forvente at behandlinga har like god effekt når den vert implementert i vanleg klinisk praksis, seier ho.

Resultata viser også at over halvparten av pasientane var betre då dei kom til oppfølgingstime og at pasientar og familien opplever behandlinga som noko det er greitt å vere med på.

– Med god opplæring i metoden og om metoden vert gjennomført som tilrådd, så vil behandlinga gje like god effekt på ein vanleg poliklinikk som ved ein «ekspertklinikk» og god behandling kan bli tilbydd lokalt, seier ho.

Viktig med gode behandlingsmetodar
Lidingane er blant dei vanlegaste årsakene til at barn og unge treng psykiske helsetenester. Lidingane er karakterisert av aggresjonsproblem, svekka impulskontroll og regelbrytande åtferd. Barn med desse lidingane strevar ofte med å fungere fagleg og sosialt. Dei har også auka risiko for vanskar seinare i livet, som emosjonelle vanskar, arbeidsledigheit, kriminalitet eller økonomiske problem.

– Difor er det viktig at vi har gode behandlingsmetodar for desse lidingane. Metaanalysen vår støttar effekten av KAT-program i vanleg klinisk praksis og syner at slik behandling bør vere ein del av behandlingstilbodet for barn og ungdom, fortel ho.

Ho legg til at det er viktig å understreke at ADHD er klassifisert som ei nevroutviklingsforstyrrelse medan åtferdsforstyrringar ikkje er det.

– Likevel har lidingane nokre fellestrekk som gjer at barn med slike problem kan ha nytte av den same type behandling, seier ho.

Effektivt for ein rekkje psykiske lidingar
Saman med Gro Janne Wergeland og Lars-Göran Öst, har Riise også nyleg publisert ei tilsvarande meta-analyse av studiar av KAT sin effektivitet i ordinær klinisk praksis på internaliserande lidingar hjå barn og ungdom. Dette omfattar angstlidingar, tvangsliding (OCD), post-traumatisk stressliding og depresjonslidingar. Også for dei internaliserande lidingane var det lik effekt i klinisk behandling som i studiar gjort under ideelle omstende.

– Saman syner dei to oppsummeringane at det er god grunn til å tru at kognitiv åtferdsterapi er effektivt for ei rekkje psykiske lidingar hjå barn og unge, også når behandlinga føregår i vanleg klinisk praksis, seier ho.

Begge studiane er fritt tilgjengelege, og du kan lese dei her:

Riise, Wergeland, Njardvik & Öst: Cognitive behavior therapy for externalizing disorders in children and adolescents in routine clinical care: A systematic review and meta-analysis

Wergeland, Riise & Öst: Cognitive behavior therapy for internalizing disorders in children and adolescents in routine clinical care: A systematic review and meta-analysis

 

Helse Førde får støtte frå InnoMed til tenesteinnovasjon

Pust Deg Bedre er det første innovasjonsprosjektet i Helse Førde som får prosessrettleiing frå InnoMed. Målet er å bredde appen til kommunehelsetenesta, slik at pasientane får tilbodet tidleg.

– Rettleiinga vil bety mykje for oss. Denne prosessen er ukjend og marka er i stor grad upløgd. Vi har ein stor og spennande jobb framfor oss.

Det seier spesialfysioterapeut, idéhavar og prosjektleiar Elin Johnsen i Helse Førde. Sidan våren 2018 har ho jobba med dette innovasjonsprosjektet. Appen, som blei lansert i 2020, visualiserer pusteteknikkar for lungesjuke slik at dei klarar å kvitte seg med slim i luftvegane og dempe andenød.

Startar lokalt
No har prosjektet fått innvilga støtte til prosessrettleiing frå InnoMed, eit nasjonalt kompetansenettverk for behovsdrive innovasjon innan helsesektoren. Dei skal bidra med støtte i arbeidet med å bredde appen til kommunale fysioterapeutar og anna helsepersonell som er tett på pasientgruppa. Prosjektet fekk nyleg innvilga interne innovasjonsmidlar frå Helse Førde til dette arbeidet.

Breddinga skal skje i samarbeid med Vestlandsprosjektet, som jobbar med digital heimeoppfølging på tvers av kommunane i Vestland, Helse Bergen HF og Helse Førde HF.

Arbeidet startar allereie no i april i Helse Førde sitt nedslagsfelt med ein pilot for korleis ein skal samarbeide på tvers av spesialist- og kommunehelsetenesta. Dette kan kommunar på tvers av landet ha nytte av.

Lettar kvardagen
Dette er gode nyheiter for dei rundt 400 000 i Norge med ei form for lungesjukdom.

– Vi har ambisjonar om at vi i løpet av hausten er i gong med å implementere Pust Deg Betre i kommunar på vestlandet, og håpar at lungesjuke på den måten skal få hjelp på eit tidlegare stadium, seier Johnsen.

– Rettleiinga vil bety mykje for oss. Denne prosessen er ukjend og marka er i stor grad upløgd. Vi har ein stor og spennande jobb framfor oss, seier Johnsen.

Pusteteknikkar på mobilen
Appen hjelper pasientane å forstå pusteteknikkar som kan vere vanskeleg å hugse om ein berre får dei forklart i møte med fysioterapeut. Pasientane har behandlingsplanen sin lett tilgjengeleg på mobilen når dei skal utføre teknikkane.

Appen er utvikla av Helse Førde i samarbeid med teknologiselskapet Haptiq. Utviklinga har skjedd i tett samarbeid med spesialister på lungefysioterapi, kommunale fysioterapeutar, Landsforeningen for hjerte og lungesyke (LHL) og eksterne leverandørar. Appen har fått økonomiske bidrag frå Helse Vest, Helse Førde og Stiftelsen Dam.

Appen er gratis og kan lastes ned i App Store og Google Play. (NB! Løysinga er akkurat nå avpublisert på grunn av ei midlertidig oppdatering.

 

Utarbeider handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde

Arbeidet med utarbeiding av handlingsplan for forsking og innovasjon i Helse Førde er no i gang.

Styret i Helse Førde har vedteke ein forskings- og innovasjonsstrategi for perioden 2020-2025. Strategien har som overordna mål at Helse Førde skal bli ein varig forsking- og innovasjonsorganisasjon.

Det er utarbeidd åtte mål– og tiltakspakkar i strategien. For å kunne realisere desse er det naudsynt å lage ein handlingsplan med målretta tiltak.

Det er oppnemnt ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe forankra i føretaksleiinga og i linja for utarbeiding av handlingsplanen. Kvar klinikk og stabsområde har oppnemnd deltakarar til arbeidsgruppa. Målet er å lage ein handlingsplan med målbare mål og konkrete tiltak som bidreg til å realisere forskings –og innovasjonsstrategien.

Arbeidet med planen vil halde fram no utover våren. Det vil kome ei ny oppdatering når handlingsplanen er ferdig utarbeidd.

 

Vellukka første testflyging for drone som skal frakte blodprøvar

Foto: Airlift Solutions.

Dronar som fraktar blodprøvar og medisinsk utstyr er stadig nærare å bli ein realitet i Noreg.

Airlift Solutions sin nye drone, utvikla under innovasjonskontrakt med Helse Vest, gjekk gjennom ei første vellukka testflyging fredag 19. mars.

Dette skriv Dronemagasinet. Les heile artikkelen her.

Løysinga er designa for helsevesenet sine behov. Berre på Vestlandet blir det frakta over 1,6 millionar blod- og vevsprøvar til og frå sjukehus i året, i tillegg til ei stor mengde legemiddel, utstyr og materiale.

– Veldig lovande

Anne Kristin Kleiven, utviklingsdirektør i Helse Førde, ser på testen med begeistring.

– Dette er veldig lovande. Dronar kan vere del av framtidas logistikkløysing og gje effektiv og påliteleg levering. Dei kan vere spesielt nyttige i Sogn og Fjordane, med dei geografiske utfordringane vi har her, seier ho.

Deltakarar i prosjektet er Helse Førde HF, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Helse Bergen HF, Sjukehusapoteka Vest HF og Airlift Solutions AS.

Prosjektet starta i samarbeid med Helse Førde i 2018 og Helse Førde er prosjektkoordinator for helseføretaka, som er pilotkundar. Airlift Solutions leier droneprosjektet, og utviklar og piloterer løysinga saman med helseføretaka i Helse Vest.

Helse Førde-forskarar redaktørar for spesialnummer av anerkjent tidsskrift

Christian Moltu og Andrew McAleavey er redaktørar for eit nummer av Psychotherapy Research.

–  Dette er kjekt fordi det gir synlegheit og anerkjenning til helseforskingsmiljøet her i Sogn og Fjordane.

Det seier Christian Moltu, professor i klinisk psykologi ved Høgskulen på Vestlandet og fagsjef på Psykiatrisk klinikk i Helse Førde.

Saman med McAleavey, psykolog og postdoktor, er han redaktør for ei samling artiklar om effektiv bruk av rutinemessig utkommemåling og klinisk tilbakemeldingssystem.

Norse Feedback
Det handlar kort sagt om system der pasientar melder frå om korleis dei har det før dei skal til behandling. Dette gir kunnskap om kva pasientane treng og ein kan tilpasse behandlinga til behova deira. Det gjer også at pasientane kan medverke meir i behandlinga.

Norse Feedback, som Moltu har utvikla saman med psykolog Sam Nordberg, er eit slikt system. Det er i bruk i Helse Førde, Helse Midt-Norge og i fleire andre klinikkar i Noreg, USA og England.

Lovande resultat
Dette er eit viktig tema innan psykoterapiforskinga, og rutinemessig utkommemåling og klinisk tilbakemeldingssystem har vist lovande resultat verda over.

– Etter kvart som forskinga på dette blir meir moden, er vi no komne dit at vi begynner å nyansere og å utforske kompliserte spørsmål som står igjen. Det gir ei god anledning til å samle artiklar i eit spesialnummer for å vise variasjonen av korleis forskinga utviklar seg, seier Moltu.

Fleire bidragsytarar frå helseforskingsmiljøet
Artiklane i nummeret tek mellom anna føre seg spørsmål om effektar, og om det er effektivt for alle pasientgrupper, behandlingsformer og implementeringsmåtar, eller om effektane varierer. I tillegg er det fokus på kva val i implementeringsprosessen som påverkar nytteverdien av tilbakemeldingane.

Nummeret har fleire bidragsytarar frå helseforskingsmiljøet i Sogn og Fjordane. I tillegg til Moltu og McAleavey, finn ein også psykologspesialist og Ph.D-kandidat Stig Magne Solstad og psykolog og Ph.D-kandidat Gøril Solberg Kleiven.

Psychotherapy Research er eit av dei topp rangerte vitskapelege tidsskriftene innanfor psykoterapi. Det dekkjer forsking innan alle felt i psykoterapi og undersøkingar av tenester.

Trykk her for å lese introduksjonsartikkelen til spesialnummeret (Psychotherapy Research, Volume 31, Issue 2 (2021)

Helse Førde sine interne innovasjonsmidlar er fordelt. Sjå kven som har fått midlar

Interne midlar på til saman 550 000 kroner er no delt ut til seks innovative prosjekt.

I år har seksjon for forsking og innovasjon hatt høve til å lyse ut interne midlar til nyskapande arbeid. Formålet med midlane er å stimulere til auka innovasjonaktivitet. Alle tilsette i Helse Førde med eit pågåande innovasjonsprosjekt, eller ein god idé til nyskapande arbeid, kunne søke.

Helse Førde er opptatt av innovasjon, og innovasjonsrådgjevarane bidreg gjerne med å rettleie og hjelpe fram gode idear og prosjekt. Trykk her for å sende inn din idé.

 

Her er prosjekta som fekk støtte:

Rehabilitering med nye auger – VR
110 000 kr

Søkjarane Jeanette Svarstad og Stine Solvik er spesialfysioterapeutar ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde.

Prosjektet ønskjer å bruke VR-teknologi til opptrening av pasientar som har hatt hjerneslag. Ein har allereie hausta nokre erfaringar og ønskjer å vidareutvikle VR som arbeidsmetodikk for å kunne tilby det til fleire pasientar. Erfaringane så langt viser at å bruke VR i rehabilitering og opptrening har hatt stor nytte for både pasientane og dei som legg til rette for treninga.

Prosjektet har tidlegare fått såkornmidlar, og innovasjonsmidlane skal bidra til å implementere VR som ein del av drifta i avdelinga, lære opp fleire medarbeidarar og kjøpe inn utstyr.

 

Digital førarkortutredning
80 000 kr

Søkjar Andreas Håkansson er nevropsykolog ved avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering i Helse Førde.

Prosjektet har som mål å utvikle ein digital førarkorttest som vil heve kvaliteten på måten ein vurderer om pasientar er skikka til å behalde førarkortet. Den primære brukargruppa er pasientar med hjerneskade (slag, nevrodegenerative demensar). Testen vil ved hjelp av eit enkelt opplegg måle relevante visuo-kognitive funksjoner som ikkje blir målt i noverande praksis.

Håkansson utviklar testen i samarbeid med ingeniørstudentar på Høgskulen på Vestlandet, som gjer dette som ei bacheloroppgåve.

 

Akuttskrin anafylaksi
100 000 kr

Søkjar Kjersti Grinde er fagutviklingsjordmor ved kvinneklinikken i Helse Førde.

Prosjektet har utvikla ein prototype for eit standardisert akuttskrin som skal nyttast ved anafylaktisk sjokk. Prosjektleiar har gjennom klinisk arbeid erfart at det er behov for eit standardisert skrin, då dagens situasjon viser at skrina fins i mange ulike fargar, fasongar, og med ulikt innhald.

Grinde har vore i dialog med eit verktøykassefirma i Trøndelag, Fosen Tools, for å produsere to prototypar av skrinet. Grinde har også vore gjennom ei god forankring internt i Helse Førde og har presentert prosjektet både på avdelingar og i føretaksleiinga. Midlane skal brukast til frikjøp for å kunne vidareutvikle skrinet ytterlegare og implementere det i fleire avdelingar i Helse Førde. Dersom ein lukkast, kan ein også spreie det til andre føretak.

 

Painpad – pasientstyrt registrering og dokumentasjon av akutte smerter
110 000 kr

Søkjar Hans Jacob Westbye er anestesioverlege og medisinskfagleg rådgjevar for Nye Førde Sjukehus.

Prosjektet har som mål å gje pasientane medverknad i eiga behandling, og å utvikle og implementere ei teknisk løysing for automatisk registrering og dokumentasjon av opplevd smertenivå. Det er utvikla ein prototype som er ein digital versjon av smerteskalaen NRS-11 der pasientane kan trykke på tal frå 0-10 for å rapportere smertenivå.

Westbye har tidlegare også fått eksterne midlar frå Innovasjon Norge og Sparebanken Vest sitt næringsfond. Han er også i kontakt med masterstudentar ved Høgskulen på Vestlandet. Midlane skal brukast i fase 2 i prosjektet, der ein skal gjennomføre ei brukarundersøking og eit moglegheitsstudium.

 

Pust Deg Bedre – med fokus på saumlause overgangar på tvers av tenesteledd
100 000 kr

Søkjar Elin Johnsen er spesialfysioterapeut ved avdeling for samhandling og tverrprofesjonelle tenester i Helse Førde.

Søkjer har tidlegare fått midlar både frå Helse Vest og Helse Førde til å utvikle applikasjonen Pust Deg Bedre. No vart det søkt om midlar til å implementere og gjere kjent applikasjonen i kommunane for å styrke samhandlinga mellom spesialist –og primærhelsetenesta. Målet er å utvikle ein samhandlingskjede som skal styrke tilbodet om lungefysioterapi på tvers av tenesteledd.

 

Droner for effektivisering av Helse-Norge – visualiseringsdelen
50 000kr

Søkjar Benedicte S. Bendiksen er rådgjevar i fag –og utviklingsavdelinga, og koordinator for prosjektet Droner for effektivisering av Helse-Norge fase tre.

Prosjektet har vore gjennom to tidlegare fasar og er i fase tre organisert gjennom ein innovasjonskontrakt med Airlift Solutions, der alle føretaka i Helse Vest er pilotkundar.

Prosjektet er eit stort og viktig regionalt arbeid med brei forankring. Midlane skal gå til tenestedesign og visuell kommunikasjon.

 

Her kan du sjå video av fleire av prosjekta.

Ny forskingssatsing i emning: Invitasjon til å sende inn skisse til forprosjekt

Helse Førde har vedteke å halde fram med dagens forskingssatsingar og planlegg no ei tredje innan medisinsk og kirurgisk klinikk.

Helse Førde har i dag to forskingssatsingar: Psykisk helse og rus, og Folkehelse, livsstil og overvekt. Føretaksleiinga har vedteke at desse skal halde fram i fem år til, på bakgrunn av ei ekstern evaluering.

– Dei eksisterande forskingsgruppene vert vidareført. Det har blitt meir samarbeid om forsking og meir eksternfinansiering. Gruppene fekk svært positiv vurdering av den eksterne evalueringa, seier forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane, Marit Solheim.


Ny satsing
No har Helse Førde planar om endå ei forskingsgruppe. Det skal etablerast eit forprosjekt for ei ny tematisk forskingssatsing med hovudbasis i fagmiljø innan medisinsk og kirurgisk klinikk innan 2022.

– Det er viktig med klinikknær forsking som har relevans og eigarskap i fagmiljøa, seier Solheim.

Etableringa av ei ny satsing skal bygge på erfaringar og evalueringa av dei eksisterande satsingane.

– For å bygge miljø så må vi jobbe saman. Det har vore noko av suksessen med dei eksisterande gruppene, seier Marit Solheim, forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane.


Skisse til forprosjekt

Tilsette i Helse Førde kan no sende inn skisse til eit forprosjekt. Det blir sett opp eit infomøte 11. mars klokka 15 i Helseforsking Sogn og Fjordane sine lokalar i Tefrevegen 45, som ein også kan delta på digitalt. Her vil leiarane av dei to eksisterande forskingssatsingane, Christian Moltu og John Roger Andersen informere.

Alle som vurderer å søkje bør delta her. Om ein ikkje har anledning på det aktuelle tidspunktet, så kan ein gjere avtale om eit anna tidspunkt.

Frist for å sende inn skisse er 31. mars 2021. Skissa skal mellom anna beskrive ideen, ei beskriving av forskingsområdet, miljøet og prosjekt, og kven ein skal samarbeide med. Innan 30. april vil skisse(r) som blir vurdert som aktuelle få tildelt lønsmidlar for 1 månad til å utvikle plan for eit forprosjekt.

Forprosjektet går over 2 år. I løpet av andre året skal forprosjektleiar utvikle ein 5-årsplan for ei full forskingssatsing basert på erfaringane og resultata frå forprosjektet.


Eit krav med erfaring

Ei ny full forskingssatsing forventast å søke eksterne midlar og å få til samarbeid lokalt, regionalt, nasjonalt og gjerne internasjonalt.

– Leiing av dei tematiske satsingane føreset doktorgrad, publikasjonar utover doktorgrad og erfaring med å utvikle prosjekt og skaffe midlar, seier Solheim.

Forsking vert en viktig del av arbeidskvardagen til den som skal leie gruppa, og det er viktig med god støtte i fagmiljøet og støtte i leiinga.


Positivt med samarbeid

Ei ny satsing kan gjerne samarbeide med dei to eksisterande satsingane.

– For å bygge miljø så må vi jobbe saman. Det har vore noko av suksessen med dei eksisterande gruppene. Derfor er grunntanken at fleire forskarar jobbar i grupper, og gruppene kan ha fleire prosjekt under same tema. For å bli sterke, er det viktig med tverrfagleg samarbeid mellom avdelingar, seier Solheim.


For meir informasjon og mal for skisse, sjå Helse Førde sitt intranett under Forsking og innovasjon.

 

Anne Marie Sandvoll begynte i eldreomsorga som 16-åring. No har ho blitt professor

Anne Marie Sandvoll. Foto: Arvid Fimreite.

Anne Marie Sandvoll har brukt mykje krefter på å byggje opp eit fagmiljø. Foto: Arvid Fimreite.

Helseforskingsmiljøet i Sogn og Fjordane har fått nok ein professor. – Eg blei kjempeglad. Det har vore mykje arbeid, så det er veldig kjekt å få den bekreftinga.

Det seier Anne Marie Sandvoll, som i desember fekk opprykk til professor i sjukepleievitskap ved Høgskulen på Vestlandet Campus Førde.

53-åringen bur på Kyrkjebø, men er opphavleg frå Øvre Årdal. Ho er sjukepleiar med hovudfag i helsefag, har utdanning innan pedagogikk og doktorgrad i sjukepleievitskap. Sandvoll har jobba ved høgskulen sidan 2002.

– Det har vore viktig for meg å rettleie andre for å heve deira kompetanse, og plutseleg var eg på veg sjølv – til å bli professor, seier ho.

Forskingsfeltet hennar er eldreomsorg, og ho forskar mellom anna på pleiekvalitet og aktivitetar for bebuarar i sjukeheimar, og på kvardagsrehabilitering og ambulante tenester i høve omsorg for personar med demens.

Sandvoll leiar også forskingsgruppa ‘Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenesta’, som er tilknytt Helseforsking Sogn og Fjordane – eit felles kunnskapsmiljø eigd av HVL og Helse Førde.

– Vi er opptatt av eit godt og trygt fagmiljø, og å støtte og hjelpe kvarandre sånn at alle kan lykkast, seier Sandvoll.


Tidleg interesse for eldreomsorg
Interessa for dei eldre vakna tidleg. Mor hennar jobbar som hjelpepleiar på sjukeheim, og Sandvoll var mykje der i oppveksten. Ho byrja allereie som 16-åring å jobbe innanfor eldreomsorga.

– Då byrja eg å vaske på sjukeheimen, og etter kvart blei det andre oppgåver. Eg har vel hatt alle jobbar på sjukeheim utanom vaktmeister og styrar, seier og ho ler.

Sandvoll har altså fått eit litt anna forhold til sjukeheimar enn andre. Ho fortel at ho alltid har likt dei eldre, og at ho begynte å forske fordi ho er opptatt av at det skal bli betre tenester for dei som treng det. Og det er eit forskingsfelt som blir stadig viktigare no når det blir fleire eldre i befolkinga.

– Eldre er ei gruppe som det blir forska relativt lite på. Dei som jobbar på sjukeheim og ikkje minst dei eldre, blir glade når nokon fokuserer på dei og det dei driv med, fortel ho.


Eit godt og trygt fagmiljø

Sidan ho disputerte for doktorgraden i 2013, har ho brukt mykje krefter på å byggje opp eit fagmiljø.

– Det har stor betyding for rekruttering til forsking og undervisning. Mange hadde kanskje ikkje tenkt på å forske vidare eller bli førstelektor utan det. Vi er opptatt av eit godt og trygt fagmiljø, og å støtte og hjelpe kvarandre sånn at alle kan lykkast, seier Sandvoll.

Ho er også opptatt av å dra studentane inn i forskinga. Over 400 bachelorstudentar har blitt involvert i forsking medan dei har vore i praksis på sjukeheim, og ho involverer også masterstudentar i forskingsprosjekta hennar.

Sandvoll med studentar som har presentert funn frå kartlegging av aktivitetar i sjukeheim i Florø.

At ein har eit helseforskingsmiljø i Sogn og Fjordane, meiner ho er vesentleg for å få til ting i regionen.

– Det er kjempeviktig av fleire grunnar. Både at det blir fokus på forsking og kompetanseheving, og at det vert mange gode faglege møteplassar. Om ein lurar på noko, så veit ein at miljøet er der og støttar deg. I tillegg lærer ein mykje av kvarandre, fortel ho.

Forskingsleiar ved Helseforsking Sogn og Fjordane, Marit Solheim, meiner Sandvoll sitt opprykk til professor er viktig for helseforskingsmiljøet.

– Dette er ein stor milepæl for oss! At vi no har fagfolk med professorkompetanse i full stilling i alle gruppene våre er viktig for vidare utvikling av forskinga vår og bygging av kunnskapsmiljøet. Eg vil særleg trekke fram måten vår nye professor involverer studentane i aktiv deltaking i forsking, på ein måte som også kjem praksisplassane der dei er til gode. Kompetansen studentane  får gjennom dette vert ein ballast dei tek med seg inn i yrkeslivet, seier ho.


Dei eldre og digitale verktøy

Forskingsgruppa har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og har med medlemmar frå praksisfeltet.

– Forskinga kan hjelpe til med å utvikle praksisen gjennom ei bevisstgjering og kartlegging av korleis ting er. Vi har mellom anna funne at dei eldre på sjukeheimane er lite ute, men at situasjonen er betre for dei som har mykje besøk av pårørande, seier Sandvoll.

Også her involverast studentane.

– Vi har hatt studentgrupper som har hatt aktivitet og tur ut med dei eldre som del av sine prosjekt, seier ho.

No held forskingsgruppa på med eit prosjekt der dei ser på kva digitaliseringa har å seie for helse- og omsorgstenesta.

– Der ser vi på helsepersonell og eldre sine erfaringar med digitale verktøy. Dette er viktig på grunn av dei store geografiske avstandane i distriktet vårt, men òg på grunn av pandemisituasjonen vi er i, seier ho.

I tillegg til opprykk til professor har Sandvoll fått ei ny rolle som forskingsfagleg rådgjevar for Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Vestland (Sogn og Fjordane).

No kan du søke om innovasjonsmidlar!

No kan du søke om interne innovasjonsmidlar og innovasjonsmidlar frå Helse Vest 2021

 

Interne innovasjonsmidlar i Helse Førde

Søknadsfrist: 22. februar

Har du eit pågåande innovasjonsprosjekt eller ein god idé til nyskapande arbeid? No kan du, som tilsett i Helse Førde, søke om interne innovasjonsmidlar på inntil 150.000 kroner

Helse Førde har nyleg vedteke ein ny Strategi for forsking og innovasjon for perioden 2020-2025. Strategien legg opp til ein betydeleg auka aktivitet både innan forsking og innovasjon. Leiinga i Helse Førde har fokus på utviklingsarbeid, og ønskjer med denne utlysinga å stimulere til auka aktivitet innan nyskaping og innovasjon.

Trykk her for utlysingstekst og søknadsskjema.

 

Innovasjonsmidlar frå Helse Vest 2021

Søknadsfrist: 10.mars

Helse Vest RHF lyser ut inntil 14 millionar kroner til innovasjonsprosjekt i 2021.

  • Du kan søke inntil 1,2 millionar kroner til nye prosjekt i eige helseføretak.
  • I tillegg er det mogleg å søke inntil 400 000 kroner til «idéoverføring» – midlar til å innføre innovative løysingar som eit anna helseføretak allereie har tatt i bruk.

Tilsette i alle føretak og private ideelle institusjonar i Helse Vest kan søke regionale innovasjonsmidlar.

Trykk her for meir informasjon og søknadsskjema.