Helse Førde lanserer app for lungesjuke

Ein app som visualiserar enkle og viktige pusteøvingar er no klar for lansering. Spesialfysioterapeut Elin Johnsen i Helse Førde har i to år arbeidd med appen som skal gje kronisk lungesjuke eit verktøy for å følgje opp si eiga helse. Dette er ei stor pasientgruppe både nasjonalt og internasjonalt.

Spesialfysioterapeut, idéhavar og prosjektleiar Elin Johnsen (biletet) i Helse Førde har sidan våren 2018 jobba med dette innovasjonsprosjektet. I lag med teknologiselskapet Haptiq har ho utvikla konsept og programvare til verktøyet som skal lette kvardagen til denne sårbare pasientgruppa. I Norge er det 400 000 personar som har ei eller anna form for lungesjukdom. Dette er pasientar som strevar med slim og tung pust i kvardagen, og som også er ekstra sårbare for infeksjonssjukdommar.

Innovasjon i helsesektoren

– Denne digitale løysinga gjer krevjande informasjon tilgjengeleg på ein mykje meir pedagogisk og motiverande måte. Målet er at kronisk lungesjuke skal vere betre rusta til å gjere viktige øvingar for å handtere plagsame symptom på eiga hand, fortel Elin Johnsen.

Helse Førde er opptekne av å finne gode innovative løysingar for sine pasientar og tilsette. Dei ser eit stort potensial i å ta i bruk teknologi på nye måtar. Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, fortel at «Pust deg bedre»-prosjektet er eitt av fleire pågåande innovasjonsprosjekt i helseføretaket.
– Slikt innovasjonsarbeid er naudsynt for oss i helsesektoren. Vi må ta i bruk helsefagleg kunnskap på nye måtar i framtida, og dette prosjektet retta mot lungesjuke har vi eit ekstra varmt hjarte for, seier, Arve Varden.

Koronaviruset

Varden poengterer det viktige i at Helse Førde i lag med Helse Vest IKT kan tilby dette hjelpemiddelet akkurat no, når Norge er i ein heilt spesiell situasjon grunna koronaviruset.
– Det er mange personar som er råka av lungesjukdom i Norge og pasientgruppa er ekstra sårbar for smitte av koronaviruset. «Pust deg bedre» kan vere med å skjerme denne risikogruppa mot konsekvensane av koronasmitte. Med appen legg vi til rette for at lungesjuke får eit ekstra hjelpemiddel til å halde seg så friske dei kan på eiga hand, og unngå unødig kontakt med andre, seier Varden.
Appen er utvikla i godt samspel mellom fageksepertisen innan lungefysioterapi og spelteknologikompetansen til Haptiq.
– Dette prosjektet til Helse Førde har vore veldig gjevande for hele Haptiq-teamet. Spel er underhaldning, og det må vi også ha, men det er utrolig gjevande å bruke vår kreativitet, ekspertise og erfaring til å skape software-applikasjoner som hjelper menneske, seier Arve Øverland, dagleg leiar i Haptiq AS.

Fagkunnskap i ny drakt

Pusteøvingane i appen er basert på anerkjend fagkunnskap i fysioterapi, og syner dei mest effektive og skånsame pusteteknikkane som lungesjuke skal nytte for slimmobilisering. Det innovative i løysinga er måten spelteknologi blir nytta for å hjelpe pasientane til å forstå kompliserte øvingar som kan vere vanskelege å hugse, om ein berre får dei forklart i møte med sin fysioterapeut. No kan pasientane ta med seg rettleiinga heim, og kan ta ho fram kvar gong dei skal gjere øvingane.

Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) – lokalt og nasjonalt – har vore og er ein viktig medspelar i utviklingsarbeidet. Brukarrepresentantar, både fysioterapeutar og lungesjuke har vore delaktig med viktige innspel og brukartesting i utviklingsarbeidet. Johnsen har også tett samarbeid med Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Helse Vest IKT.
Arbeidet har motteke avgjerande økonomisk støtte frå Helse Vest og Stiftelsen Dam, ei stifting som gjev pengar til helse- og forskingsprosjekt.

Stor etterspurnad i fagmiljøa

Johnsen har ved fleire høve presentert applikasjonen for fysioterapiforbundet sine medlemmer. Appen har vore testa i fleire omgangar, og fleire brukartestar er planlagde.
Helse Førde og Helse Vest IKT har framskunda lanseringa til påska 2020, for å kunne tilby verktøyet til pasientgruppa hjelpemiddelet no i koronakrisa. I tillegg til å kunne yte hjelp til sjølvhjelp for dei som kan klare det, vil ein kunne førebygge innleggingar i ei tid kor helsevesenet er satt på prøve på grunn av koronaviruset.

Appen er ikkje knytt til spesifikke diagnosar, men symptom. Den kan difor også brukast for pasientar med Covid-19 som har slimplagar som ein del av sine symptom. Desse pasientane har også minimalt med kontakt med helsevesenet og andre, og vil derfor kunne ha glede av appen for å kunne hjelpe seg sjølv.

– Sjølv om det ikkje er fare for å gjere noko skade ved å laste ned appen på eigen hand, ber vi alle pasientar om å kontakte fysioterapeut før dei tek i bruk verktøyet. Det beste resultatet får pasienten ved individuell fagleg vurdering og tilpassing til den einskilde, presiserer spesialfysioterapeut Elin Johnsen. Først då vil behandlinga imøtekome kvalitetskriteria i lungefysioterapi: at behandlinga blir effektiv, skånsam, motiverande og sjølvstendiggjerande, seier Johnsen.

For meir informasjon om appen og arbeidet kontakt:

Elin Johnsen, spesialistfysioterapeut og prosjektleiar,
901 98 605, pustdegbedre@helse-forde.no

Terje Ulvedal, kommunikasjonsdirektør Helse Førde,
951 29 355, terje.ulvedal@helse-forde.no

 

Vil du vere med på eit banebrytande prosjekt i helsesektoren?

Helse Førde har ledig 50% midlertidig stilling som koordinator for eit innovativt prosjekt for å greie ut bruk av droner i helsetensta. Framtidas droner som eventuelt skal brukast til transport i helsesektoren er framleis ikkje utvikla, og det har dette prosjektet som mål å gjere noko med.

Les meir om prosjektet og stillingsutlysninga 

Norse i COVID-19 situasjonen

COVID- 19 situasjonen har ført til at mange pasientkonsultasjonar i psykisk helsevern må gjerast på video og telefon. Norse kan her vere eit godt verktøy til å styrke den faglege kvaliteten på slike konsultasjonar.

Les meir og få tips om korleis ein kan skape gode telefon- og videokonsultasjonar her.

Ønskjer du å forske på psykisk helse og innovasjon?

Høgskulen på Vestlandet søkjer no etter ein PhD-kandidat som ønskjer å vere med å utvikle og forbetre behandlinga innanfor psykisk helse. I dette forskingsprosjektet vil du vere med å vidareutvikle det kliniske tilbakemeldingsystemet Norse Feedback og vere ein del av eit  kunnskapsrikt og inspirerand forskingsmiljø til Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde.

Les meir om phd-stillinga her

Workshop i Design Thinking

Mandag hadde Federico Lozano ved Pracademy ein fantastisk workshop i Design Thinking i Førde. Ein gjeng frå Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet HVL, Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og fleire andre lært viktigheten av empati, mellom-menneskelige relasjoner og kreativitet når ein driv med nyskaping og innovasjon.

 

Innovasjonsmidlar frå Helse Vest

To prosjekt i Helse Førde nådde opp i konkurransen om innvovasjonsmidlar frå Helse Vest for 2020.

The ALIENS Study ser på korleis ein kan bruke maskinlæring og kunstig intelligens for å kunne predikere tidleg sepsis hjå nyfødde.

Pust deg betre er ein pedagogisk plattform som skal hjelpe lungesjuke å meistre kvardagen på ein betre måte gjennom å bruke visualiserte pusteøvingar.

Senter for helseforsking gratulerer!

To disputasar frå Førdemiljøet

Foto: Vidar Helle

Irene Valaker disputerer 29.11.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Continuity of care across care levels in patients undergoing percutaneous coronary intervention».

Personalia

Irene Valaker er tilsett ved Høgskulen på Vestlandet som også har finansiert doktorgradsarbeidet. Ho har vore stipendiat ved Det medisinsk fakultet, Universitetet i Bergen. Professor Tone M. Norekvål har vore hovudrettleiar, medan professorane Bengt Fridlund, Maj-Britt Råholm og Jan Erik Nordrehaug har vore medrettleiarar. Valaker er utdanna bedriftsøkonom, har klinisk spesialkompetanse i kardiologisk sykepleie og master i organisasjon og leiing.

Prøveforelesing

29. november 2019, klokka 10:15 i Aud. 4 i BB-bygget. Oppgitt emne: «Mixed methods» eller «multi methods»? Definisjon, design og bruksområder.

Disputas: 29. november 2019, klokka 12:15 i Aud. 4 i BB-bygget

Foto: David Zadig

 

Kari Eldal disputerer 09.12.2019 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga:

“Sikkerheitsnettet som tek imot om eg fell – men som også kan fange meg. Korleis erfarer menneske med psykiske lidingar ei innlegging i psykisk helsevern? Eit samarbeidsbasert forskingsprosjekt mellom forskarar og brukarar.

Personalia

Kari Eldal (1972) har mastergrad i klinisk sjukepleievitenskap frå HIOA. Sidan 2011 har ho vore tilsett ved sjukepleieutdanninga i Førde, HVL. Ho tok forskarutdanninga ved Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet, UIB. Hovudrettleiar har vore professor Christian Moltu (Helse Førde og HVL). Førsteamanuensis Marius Veseth (UIB) og førsteamanuensis Eli Natvik (HVL) var medrettleiarar. Medforskingskoordinator i prosjektet var Åse Skjølberg. Medforskarar var Dorte Gytri, Solfrid Lillebø, Camilla Lykke Torp og Oda Brendehaug.

Prøveforelesning

09.desember 2019: kl. 10:15 – 11:00, aud. 129, Christiesgt. 12. Oppgitt emne: “Metoder i forskning på innleggelser i psykisk helsevern- tradisjoner, utfordringer og muligheter for å påvirke praksis i feltet”

Disputas

09.desember: kl. 11:30, aud. 129, Christiesgt. 12

Helseforsking Sogn og Fjordane gratulerer begge kandidatane!

To forskingsprisar til LIS-lege

F.v: Lars Fosse, Gunn Hulleberg, Kaya Kvarme Jacobsen

LIS-lege Kaya Kvarme Jacobsen fekk førre veke to prisar for forskinga si innan ortopedi.

På Radiologisk haustmøte i Oslo fekk ho prisen for beste frie foredrag med presentasjonen «Genetiske risikofaktorer for hofteledssdysplasi». Også på ortopedisk haustmøte fekk ho prisen for beste frie foredrag innan barneortopedi.

Haustmøta er årlege, nasjonale samlingar innan fagfeltet der det presenterast forsking og fagoppdateringar. I tillegg til å få med seg to prisar heim, hausta Kaya mykje skryt og positive tilbakemeldingar på at det kjem relevant og god forsking frå eit lite sjukehus og ikkje eitt av dei store universitetssjukehusa.

Kva betyr det for deg å få desse prisane?
-Det betyr masse! Det er veldig kjekt å få annerkjennelse for arbeidet, særlig siden det har vært utfordrende å komme i gang med prosjektet pga vansker med midler og mye byråkratiske hindringer. Vi får vist at vi driver med forskning av god kvalitet i Helse Førde og Helse Vest. Prisene gir mulighet for å delta på andre kongresser der forskningen kan formidles, jeg kan få tilbakmeldinger og knytte kontakt med samarbeidspartnere nasjonalt og internasjonalt.

Senter for helseforsking gratulerer så mye med prisane og ynskjer lykke til med vidare arbeid.

Innovasjonspris til Christian Moltu

F.v: Arve Varden, administrerande direktør Helse Førde, Christian Moltu, prisvinnar, Baard Christian Schem, fagdirektør Helse Vest

Christian Moltu er tildelt innovasjonsprisen i Helse Vest. Han fekk prisen for Norse Feedback, eit digitalt system der pasientar melder frå om korleis dei har det før behandling. Norse hjelper pasientane til å ta meir aktivt del i behandlinga og støttar behandlarane i samtalar med pasientane. Christian fekk prisen under den årlege forskingskonferansen i Helse Vest. Senter for helseforsking gratulerer!

Norse Feedback blir skildra som eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Innovasjonsprisen var på 100 000 kroner, saman med eit kunstverk og blomar. Christian takka pasientane, alle som har bidrege med finansiering og ikkje minst alle medarbeidarane som er med på å utvikle tenesta. – Vi har ei kjempelang liste over prosjekt vi ønskjer å gå vidare med, og prispengane vil gå med på å finansiere utviklinga, fortel Christian.

Christian Moltu, psykologspesialist og til dagleg fagsjef ved Psykiatrisk klinikk i Helse Førde, og professor II ved Høgskulen på Vestlandet, seier at han er svært glad for denne prisen. – Systemet vi har utvikla skal hjelpe pasientane til å medverke meir aktivt i behandlinga, og hjelpe klinikarane når dei skal snakke med pasientane, fortel Christian.

Korleis fungerer Norse Feedback?

Norse Feedback er eit aktivt lærande digitalt klinisk system, der pasientar melder frå om korleis dei har det, før dei skal til behandling. Behandlaren og pasienten får tilgang på avansert informasjon om mønster i tilstanden til pasienten. Dette støttar val i behandlingsprosessar.

Systemet gir raskt grafisk informasjon, som behandlaren og pasienten kan bruke når dei treffest. Det kan hjelpe til for å gjere endringar i behandlinga, og at pasientane kan medverke meir i behandlinga sjølv. Norse Feedback er utvikla på bakgrunn forsking på behova til pasientar, klinikarar og forskarar.

– Pasientane er begeistra over at dei kan reflektere over seg sjølv. Merksemda blir retta mot dei, og vekk frå kvardagen. «Eg visste ikkje at eg kunne snakke om dette», er ei tilbakemelding vi ofte får frå pasientane.

Utdrag frå juryen si grunngjeving

Norse Feedback er eit digitalt system og eit konsept som persontilpassar behandlinga til pasientar som i dag ikkje får tilfredsstillande behandling. Systemet har sitt utspring innanfor psykisk helsevern, men blir òg nytta i somatikken og innanfor rusfeltet.

Utvikling hos den enkelte pasient kan monitorerast meir presist over tid, og tenesta blir meir persontilpassa. Systemet fremmar samval og brukarmedverknad, og er særleg nyttig ved behandling til sårbare pasientgrupper som tidlegare har falle ut av behandlingsløpet. Norse Feedback er utvikla for enkel og sikker bruk på mobile plattformar for pasientane.

Norse Feedback har utvikla seg til å bli eit stort forskings- kvalitets og innovasjonsprogram med nasjonal og internasjonal utstrekning. Systemet er i bruk eller blir pilotert ulike stader i Noreg. Melom anna bruker Helse Midt-Norge Norse Feedback i fem klinikkar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling. Sju klinikkar i England tek systemet i bruk i 2019.

Tekst: Margunn Langedal Masdal