Første stipendgarantien i historia til kirurgisk klinikk

F.v: Professor og rettleiar John Roger Andersen, forskingsleiar Marit Solheim, analytikar Tarja Kvalheim, seksjonsleiar kirurgisk poliklinikk Reidun Johanne Hauge, controller kirurgisk klinikk Terje Helle Lindenskov, og overbioingeniør LMBB Helga Aasen Osvoll.

Overlege og urolog Florin Vasile Hopland-Nechita er den første kandidaten i kirurgisk klinikk i Helse Førde nokon sinne som har fått ein stipendgaranti for phd-løp. Med seg på laget har han mange gode hjelparar, og nokre av desse var med på det offisielle oppstartsmøtet.

Tittelen på prosjektet er «Severity of lower urinary tract symptoms and its associations with male sexual function, metabolic, hormonal and inflammatory parameters — a pilot study».

Stipendgarantien er på 50% over 6 år.

Vi gratulerer med tildelinga og ønskjer lukke til!

Vellukka teknologimøteplass på sjukehuset

Måndag 23. september vart TekPRAT arrangert for første gang på Førde Sentralsjukehus. Heile 85 personar prioriterte å bruke føremiddagen i auditoriet for å delta på eit mini-seminar med tema maskinlæring /AI. Deltakarane var ei god blanding av tilsette i Helse Førde, studentar og tilsette frå HVL og ein god del deltakarar frå næringslivet i regionen.

TekPRAT har siden 2017 vore arrangert i Bergen av Helse Vest IKT og ein del andre samarbeidspartar frå privat og offentleg sektor. Konseptet har vore godt motteke og omlag 100 menneske har 2-4 gongar årleg samlast for å lære meir om ulike teknologitema som har relevans for helsesektoren.

Målsetnaden med arrangementa er å legge til rette for tverrfaglege møteplassar som kan bidra til meir nyskaping gjennom kunnskapsdeling og nettverksbygging på tvers av fag og bransjar.

Helse Førde er første foretak utanfor Bergen som no tilbyr TekPRAT ein gong i halvåret. Arrangementskomiteen første gangen var HFD, HV IKT, HVL og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Les meir om TekPRAT her.
Følg gjerne sida til TekPRAT på facebook.

Har du spørsmål eller innspel til tema, kan du kontakte HFD sin lokale TekPRAT ansvarlege:

Gro Rukan
91321392 / gro@kpsf.no

Forskingsdagane i Førde 2019

Velkommen til forskingsfestival frå 18. til 29. september der årets tema er miljøklemma. Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde inviterer deg til å møte forskarar på campus Førde og andre arenaer. Kanskje du lærer noko nytt? Arrangementa er gratis og opne for alle interesserte!

Program finn du her!

Brukartesting av puste-app

Spesialfysioterapeut Elin Johnsen i Helse Førde utviklar ei digital løysing for betre oppfølging av kronisk lungesjuke. Den har no blitt testa grundig av både pasientar, fagpersonar, og andre teknologiinteresserte. Vi gler oss til å sjå sluttproduktet!





Innovasjonsprosjekt i Helse Førde får midlar frå Extrastiftelsen

Lungesjuke skal få eit verktøy som hjelper dei til å meistre eigen kvardag betre.  Extrastiftelsen går no inn med økonomisk støtte til innovasjonsprosjektet «Pust Deg Betre» i Helse Førde. Til hausten skal løysinga testast på pasientar i Sogn og Fjordane.

Spesialfysioterapeut, idehavar og prosjektleiar Elin Johnsen (bildet) i Helse Førde har sidan våren 2018 arbeidd for å utvikle konsept og programvare til eit digitalt verktøy for å lette kvardagen til pasientar som strevar med slim og tung pust. Arbeidet med applikasjonen har til no vore støtta av innovasjonsmidlar frå Helse Vest. No jublar ho over at prosjektet vert verdsett nasjonalt, og også får økonomisk hjelp frå Extrastiftelsen. Stiftinga går inn med 820 000 kroner til å vidareutvikle løysinga.

– Den digitale løysinga vi utviklar gjer krevjande informasjon tilgjengeleg på ein mykje meir pedagogisk og motiverande måte. Målet er at kronisk lungesjuke skal vere betre rusta til å gjere viktige øvingar for å handtere plagsame symptom på eiga hand, fortel Johnsen.

Skal hjelpe lungesjuke

Applikasjonen visualiserar dei mest effektive og skånsame pusteteknikkane som lungesjuke skal nytte for slimmobilisering. For å få til dette har Elin Johnsen funne gode samarbeidspartnarar både lokalt og nasjonalt.

Den teknologiske utviklinga skjer i samspel mellom fageksepertisen innan lungefysioterapi og spelteknologikompetansen til firmaet Haptiq frå Florø¸, men det er mange på laget for å kvalitetssikre arbeidet. Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke (LHL) i Sogn og Fjordane er viktige, og har hjelpt med brukarkompetanse i første prototype.  LHL nasjonalt vert ein vesentleg samarbeidspart når ein skal optimalisere løysinga til hausten, mellom anna ved at LHL-sjukehuset Gardemoen ønskjer å bidra i utviklinga og brukartestinga av den forbetra og utvida versjonen.

Stor nytteverdi

Extrastiftelsen hjelper til med til å realisere forsking som fremjar fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet. Stiftinga har 36 medlemsorganisasjonar, alle er frivillige hjelpeorganisasjonar, og dei får midlane sine frå overskotet til Norsk Tipping. Sidan starten i 1993 har stiftinga fordelt kring fire milliardar kroner til helseprosjekt over heile landet.

Fagsjef i Extrastiftelsen, Jan H. Gulbrandsen, seier dette om kvifor dei støttar arbeidet med å utvikle «Pust deg betre»:

– Dette er eit innovativt prosjekt der det ferdige verktøyet vil kunne ha stor nytteverdi for både pasientar og fysioterapeutar.

«Pust Deg Betre» er eit prosjekt som utviklar ein ein programvare-applikasjon med ei pedagogisk løysing som presenterer dei mest effektive og skånsame pusteteknikkane.I haust er det klart for testing på pasientar som slit med lungesjukdom.

Heider til Helse Førde-forskar

Tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy har kåra artikkelen frå eit forskingsprosjekt i Helse Førde til årets viktigaste bidrag 2018 innan kategorien psykoterapiprosess-forsking.

Psykolog Kristina Osland Lavik, Helse Førde

Det amerikanske tidsskriftet Journal of Contemporary Psychotherapy gjennomgår årleg artiklane som er publisert i 60 av dei viktigaste psykiatritidsskrifta, og kårar dei viktigaste bidraga i ni ulike kategoriar.
I kategorien Psychotherapy process 2018 kom Helse Førde-artikkelen seg gjennom nålauget og vart nominert, for deretter å gå heilt til topps i kåringa. Førsteforfattar er psykolog Kristina Osland Lavik, og medforfattarar er Christian Moltu, Helga Frøysa og Karen F. Brattebø.

Gode relasjonar

– Denne kåringa er vi veldig stolte av, seier Kristina Osland Lavik. – Artikkelen er ein del av eit større forskingsprosjekt der vi filmar terapitimar og analyserer kva som skjer i møtet mellom pasient og terapeut. Vi håpar og trur at denne forskinga skal komme både nye og erfarne terapeutar til gode, og skape meir bevisstgjering rundt betydninga av å skape gode relasjonar i psykoterapi.
Tema i forskingsprosjektet er altså relasjonane mellom pasient og terapeut, og korleis skape dei gode relasjonane som er nødvendig for at terapien skal fungere. I praksis inneberer dette å balansere det å vere ein profesjonell med å vere eit varmt, ikkje-dømmande og ekte medmenneske i møtet med pasienten.

– Blir meir synleg

– Dette er terapeutferdigheiter som er lett å ta for gitt, og som kan verke sjølvsagte. Likevel ser vi at bevisstgjering rundt dette er viktig og nødvendig, seier Lavik. – Som terapeutar vert vi gjerne opptekne av kva vi skal gjere, heller enn korleis vi skal gjere det. Målet med denne forskinga er å støtte terapeutar i å tenke meir rundt korleis, på ein praktisk og forståeleg måte. Dette blei også trekt fram når vi vann denne prisen.
Ho meiner prisen er viktig og eit prov på at verdfull forsking også kan skje i eit lite helseøretak som Helse Førde.
– Kåringa fører til at forskinga vår blir langt meir synleg i store fagmiljø rundt om, og sjølvsagt ligg der ei stor anerkjenning av kvaliteten i studien vår.

Artikkelen kan du lese her

Korleis er koplinga mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande? Ny vitskapleg publikasjon

Senter for helseforsking gratulerer PhD-stipendiat Toril Marie Terum med ny vitskapleg publikasjon. Artikkelens tittel er: The association between specific neuropsychiatric disturbances in people with Alzheimer’s disease and dementia with Lewy bodies and carer distress.

PhD-stipendiat Toril Marie Terum

Kva viser studien?

Artikkelen baserer seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest), og inkluderer 159 pårørande til personar diagnostisert med Alzheimersjukdom (AD, n=97) og demens med Lewy-legemer (DLB, n=62). Fokus i studien har vore på koplinga mellom nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande.

Litt overraskande kanskje, viser funna frå denne studien at apati er det symptomet som pårørande opplever mest belastande. Apati blir skildra som ein tilstand med manglande initiativ, interesse og følelsemessig engasjement. Andre viktige bidragsytarar til stress er avvikande motorisk åtferd i form av gjentatte handlingar, irritabilitet og utfordringar knytt til mat og måltid.

Dei finn relativt få skilnader mellom dignosegruppene, men registrerer at fleire nevropsykiatriske symptom blir identifisert som viktige bidragsytarar til stress blant pårørande til personar med demens med Lewy-legemer. Årsaken til dette trur dei kan henge saman med at personar med Lewy-legeme demens totalt sett har fleire nevropsykiatriske symptom tidleg i demensforløpet, samt at pårørande rapporterer høgare grad av stress.

Kva betyr studiens resultat?

Demensplan 2020 vektlegger at personer med demens skal bli gitt muligheten til å bu heime lengst mogleg. Funn frå denne studien hjelper å forstå hjelpebehovet til familiar ramma av demenssjukdom, og underbygger viktigheita av fleksible og individuelt tilpassa tenester, allereie tidleg i demensforløpet.

Som eit ledd i SESAM si satsing på pårørandeforsking, er det to stipendiatar som har sett på stress blant pårørande til personar med demens. Dei har tidlegare funne at 20% av pårørande til personar med AD, og så mange som 40 % av pårørande til personar med DLB opplever moderat til høg grad av stress (RSS) allereie tidleg i demensforløpet, og identifisert nevropsykiatriske symptom ved demens som ein viktig bidragsytar til stress blant pårørande.

Vidare har dei funne at det er forskjellar mellom diagnosegruppene, og at pårørande til personar med DLB scorar høgare på stress tidleg i demsutviklinga. Ser ein derimot på stress over tid, indikerer funna at mens stress blant pårørande til personar med DLB ligger stabilt høgt allereie frå baseline, aukar stresset blant pårørande til personar med AD meir gradvis. Etter 2-3 år så jamnar det seg derfor meir ut mellom diagnosegruppene.

Toril Marie Terum, er PhD-stipendiat. Stipendiatet er finansiert ved Regionalt Kompetansesenter for Eldremedisin og samhandling (SESAM) ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) med midlar frå Norsk Forskingsråd, Førde kommune via Utviklingssenter for Sjukeheimar og heimetenester (USHT, Sogn og Fjordane), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Helse Førde. Toril er medlem av forskingsgruppa Kvalitet og innovasjon i eldreomsorga.

Heile artikkelen kan du lese her!

Fagseminar om «Tolking og bruk av helsestatstikk i små utval – utfordringar og moglegheiter»

15. mai arrangerte Forskargruppa folkehelse, livstil og overvekt ved Høgskulen på Vestlandet og Helse Førde i samarbeid med Samhandlingsbarometeret fagseminar om tolking og bruk av helsestatistikk i små utval. Temaet vart belyst gjennom føredrag frå fagfolk og forskarar frå ulike instansar, og det vart sett av tid til diskusjonar og synspunkt frå dei frammøtte.

Seminaret hadde god oppslutning og bydde på interessante vinklingar rundt bruk av små tal.

Her er ei kort oppsummering frå seminaret:

• Slutningar ut frå små utval kan gjerast meir robuste om vi har mange gode målingar over tid og fleire variablar som kan tolkast i mønster.

• Det er viktig å vite noko om kva som er nokolunde å forvente av naturlege svingingar av eit fenomen slik at ein ikkje gjer feilslutningar — og at små utval svingar mest.

• Når ein skal studere eit fenomen er det godt å ha tilgang til data med «høgast mogleg oppløysing».

• Vi må nytte fleire former for vurderingar i tolkinga av tal frå små utval — utover P-verdiar og konfidensintervall.

• Å gjere noko i praksis vil ofte krevje at ein må tole utryggleik — at vi må handle basert på det vi veit. Då tek vi med oss det beste frå statistikken og andre kunnskapskjelder og gjer etter beste evne våre vurderingar og nøye uttenkte tiltak. Det er ingen quick-fix som kan erstatte systematisk tolking/tenking og klokskap.

Presentasjonane frå seminaret finn du her.

Tilbod om kliniske legemiddelstudiar i Helse Førde

Det er eit nasjonalt mål å auke talet på kliniske legemiddelstudiar. Også pasientar ved i Helse Førde har moglegheit til å delta i slike studiar, og pasient Øyvind Elnes er ein av desse. -Eg har fått god informasjon både før og etter og kjenner meg veldig trygg. Eg vil delta fordi det kan hjelpe både meg sjølv og andre, og sidan eg er i god nok form til å vere med ville eg gjerne det, seier Elnes til avisa Firda.

-Legemiddelstudiar vert prioritert hos oss framover. Det er viktig for pasientane våre, det er viktig fagleg, og helseministeren har sagt at det er eit mål å auke talet på kliniske studiar i heile landet, seier forskingsleiar ved Helse Førde, Marit Solheim til avisa Firda.

For eit lite sjukehus er det ikkje utan utfordringar å delta i studiar med store krav til presisjon, kvalitet og ikkje minst logistikk, der testmateriale innan 24–48 timar må sendast til utlandet for utvida analysar. Desse utfordringane skal Helse Førde finne løysingar på, lovar Solheim.

– Det er kjempeviktig at Norge er med og bidreg i fellesskapet for å utvikle nye medikament. Vi må finne vår måte å gjere det på her, avsluttar ho.

Du kan lese heile saka i Firda her (abo).

 

Ny vitskapleg publikasjon

Senter for helseforsking gratulerer Irene Valaker og medforfattere som nylig har publisert en artikkel i BMC Medical Research Methodology med tittel “Adaptation and psychometric properties of the Norwegian version of the heart continuity of care questionnaire (HCCQ)”. Irene Valaker er PhD-student i prosjektet CONCARDPCI ved HUS med fokus på kontinuitet og sammenhengende tjenestetilbud etter gjennomgått perkutan koronar intervensjon (PCI).

Posterpresentasjon ved European Academy of Nursing Science (EANS) som er et treårig sommerkurs for doktorgradsstudenter

Irene Valaker og medforskerne har oversatt og validert et canadiske spørreskjema (HCCQ) som undersøker pasientens erfaring med kontinuitet og sammenhengende helsetjenester. En har fulgt internasjonale retningslinjer med frem- og tilbake oversettelse, samt at brukerrepresentanter og kliniske eksperter har deltatt i arbeidet. Videre har en benyttet en profesjonell språkvasker og gjennomført pilot-testing i forkant av hovedstudien. Skjemautvikler har også bidratt med gode innspill underveis i prosessen og er medforfatter på artikkelen. Spørreskjemaet har vist gode psykomtriske egenskaper (validitet og reliabilitet), men en bekreftende faktoranalyse viste moderat tilpasning til de tre kontinuitetsdimensjoner i spørreskjema (informasjon-, relasjon- og ledelseskontinuitet). Ved evaluering av begrepsvaliditet fant en noen interessante sammenhenger mellom kontinuitet, hjerterehabiliteringsdeltakelse og oppfølging hos fastlege. Kunnskapsoppsummeringer framhever behovet for mer forskning i overgangen mellom tjenestene, og spørreskjema som HCCQ kan bidra til å kartlegge behovet for mer integrerte tjenester for denne pasientgruppen.

Link til artikkel:

BMC Medical Research Methodology