Tek doktorgrad om stress blant pårørande til demente
Toril Marie Terum sitt doktorgradsprosjektet har undersøkt samanhengen mellom individuelle nevropsykiatriske symptom ved demens og stress blant pårørande, og samanhengen mellom aspekt med stress og tid til innlegging i sjukeheim. Disputasen er 5. november ved Universitetet i Bergen.
Demens rammar familiar, og det er brei semje om at omsorgsbelastninga pårørande opplever er assosiert med negative konsekvensar for dei pårørande sin økonomi, sosiale liv, fysiske og psykiske helse, og kortare tid til sjukeheimsinnlegging.
Toril Marie Terum (f. 1979) er utdanna sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet (tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane (2003) og fullførte ein helse- og sosialfagleg master ved Høgskulen i Volda i 2009. Doktorgradsarbeidet utgår frå Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar for avhandlinga er professor Ingelin Testad. Professor John Roger Andersen og førsteamanuensis Arvid Rongve er birettleiarar.
Viktig for å auke kompetansen regionalt
Stipendiatstillinga har vore eit samarbeid lokalt mellom Sunnfjord kommune – ved Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT), Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet og Regionalt senter for eldremedisin og samhandling (SESAM).
– Det er første gong vi samarbeider så breitt om ei stipendiatstilling. Eit slikt samarbeid er viktig i arbeidet med å forstå behova i eldremedisin betre og for at vi kan auke kompetansen vår innan dette feltet i vår region, seier avdelingssjef ved medisinsk avdeling i Helse Førde, Laila Haugland.
Disputas
Toril Marie Terum disputerer 5. november 2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Neuropsychiatric disturbances in persons with Alzheimer`s disease and dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission.».
Doktorgradsprosjektet består av tre delstudiar, som kvar munna ut i ein artikkel.
Først oppsummerte prosjektet tidlegare forsking. Funn frå denne studien indikerte at irritabilitet er det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrog til stress blant pårørande. Andre symptom som framstod som viktige bidragsytarar til stress inkluderte aggresjon, endra døgnrytme, angst, apati og vrangførestillingar. Mangfald av studiedesign, statiske metodar og kartleggingsverktøy, og stor variasjon i utval, gjorde det derimot vanskeleg å trekke sikre konklusjonar.
Andre og tredje delstudie baserte seg på data frå Demensstudien på Vestlandet (DemVest). Basert på funn frå denne studien står apati fram som det nevropsykiatriske symptomet som i størst grad bidrar til stress, i tillegg til avvikande motorisk åtferd, irritabilitet og utfordringar knytt til mat, måltid og appetitt. Aspekt ved stress som var assosiert med kortare tid til sjukeheimsinnlegging var negative følelsar i form av frustrasjon, å føle at omsorgsansvaret hindra ein i å vere sosial og at ein ikkje får nødvendige avbrekk, og opplevinga av å ikkje meistre kvardagen.
Prøveforelesning
Tittel prøveforelesning: «Bruk av tvang i eldreomsorga»
Stad: Armauer Hansens Hus, Auditorium AHH, Haukelandsveien 28, Bergen, eller via Zoom. Sjå lenkje under.
Tittel disputas: «Neuropsychiatric disturbances in persons wtth Alzheimer`s disease and Dementia with Lewy bodies, carer distress and time until nursing home admission»
Stad: Armauer Hansens Hus, Auditorium AHH, Haukelandsveien 28, Bergen.
Ein kan også følgje dispuasen via Zoom. Sjå i lenkje under.
https://www.uib.no/nye-doktorgrader/149020/stress-blant-p%C3%A5r%C3%B8rande-til-personar-med-demens